Rekruttering av barn og unge til folkemusikk og folkedans er eit viktig arbeid.


Foto: Ingvild Skeie Ljones

Kulturskulane i Valdres gjev eit omfattande tilbod i folkemusikk og folkedans, til dømes hardingfele, tradisjonssong, langeleik, halling og toradar. Valdres folkemusikklag og medlemslaga deira ser det som ei viktig oppgåve å skape sosiale møteplassar for desse ungdomane i form av sommarkurs, helgesamlingar og tilbod om ekstra undervisning i større grupper eller lag. Ta kontakt med kulturskulen i heimkommunen din for å høyre meir om undervisningstilbodet.

FolkemusikkUng

Ein onsdag i månaden arrangerer Valdres folkemusikklag samlingar for ungdom som deltek på  hardingfele, langeleik, song, munnharpe eller halling i kulturskulen. Meir om FolkemusikkUng på Facebook-sida vår her. FolkemusikkUng mottek støtte frå Innlandet fylkeskommune.

Vil du vera med? Ta kontakt med Valdres folkemusikklag her:

 

Strunkeveko og Ministrunken

Strunkeveko er det største vekeskurset i folkemusikk og folkedans i landet for ungdom i alderen 11 til 24 år. Sjå strunkeveko for meir informasjon.

 

Sist oppdatert 29.01.24