FolkemusikkUng
16.01 Fyrste øving! ALLE
30.01 FolkemusikkUng Dans
(2.02 Prøv folkemusikk for ungar i Øystre Slidre - 9.02 Barnesamling i Åsvang (øvre grense 11 år)
13.02 FolkemusikkUng Alle
13.03 FolkemusikkUng Alle
27.03 FolkemusikkUng Dans
6.04 Valdreskappleik
10.04 FolkemusikkUng Alle
24.04 FolkemusikkUng Dans
8.05 FolkemusikkUng Alle
22.05 FolkemusikkUng Dans
5.06. FolkemusikkUng Alle
19.06 Bonusøving dersom vi stiller på landskappleiken
Langeleik: Elisabeth Kværne, Solfrid Olmhus og Oddrun Hegge
Munnharpe: Jan Beitohaugen Granli
Halling: Bjørn Strand
Song: Marit Karlberg
Yngste hardingfele: Sivert Andreas Holmen
Eldste hardingfele: Frank Henrik Rolland
Dei gongene det berre er dans: Sivert. Frank blir med som spelemann når han kan.
Desse datoane møtast elevar frå heile Valdres på Valdres folkemuseum frå kl 16 til 18 (16-17.30). Det er gruppeundervisning og ei felles matøkt midt i timen.
Samlingane er gratis!
Vil du vera med? Ta kontakt med Valdres folkemusikklag (post@valdresfolkemusikklag.no) eller ring Frode Rolandsgard, tlf 91197407
FolkemusikkUng mottek støtte frå Dextra, FolkOrg og Oppland fylkeskommune
Strunkeveko og Ministrunken
Strunkeveko er noregs største vekekurs i folkemusikk og folkedans. For ungdom i alderen 11-24 år. Sjå www.strunkeveko.no for meir info
Opplæring i kulturskulene
Kulturskulene i Valdres gjev eit omfattande tilbod i folkemusikkopplæring, t.d. i hardingfele, tradisjonssong, langeleik, halling og toradar. Valdres folkemusikklag og medlemslaga deira ser det som ei viktig oppgåve å skape sosiale møteplassar for desse ungdomane i form av sommarkurs, helgesamlingar og tilbod om ekstra undervisning i større grupper eller lag. Ta kontakt med kulturskulen i heimkommunen din for å høyre om undervisningstilbodet.