Framsida
Om laget
Lokallag
Valdreskappleiken
Folkemusikkhuset
Kurs
Låt o´ link
Tradisjon
Folkemusikkscena
Kappleikar
Søkje tilskot
Primstaven
Lenker
Kontakt




 
 
søndag 11. april 2010

bendik_og_marie_foto_frode.jpgMykje folk på Valdreskappleiken 2010
Tørstad og co vann finalespelet på Valdreskappleiken 2010, og får dermed æra av å avslutte Vinjerock til sommaren med å spela som siste gruppe på LilleVinje. Resultatlista finn du her , og du kan også sjå nokre bilete under her. Nettsida Valdres.no har også ein fin artikkel om kappleiken i dag.

Les mer...
 
lørdag 03. april 2010
Kjell Bakken ny redaktør for Låt ó link
Kjell Bakken har sagt ja til å bli ny redaktør for Låt o link. Han har satt frist 15. mai for å sende inn stoff til nr. 2/2010.
Lokallag og folk med ting på hjarta kan sende inn stoff til redaksjonen på e-postadressa: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den. eller ta kontakt på tlf. 91371993
 
søndag 28. mars 2010
ivarhemsingfotonilsrogn.jpg
Ivar Hemsing. Foto: Nils Rogn
Ivar Hemsing ny leiar i VFL
På årsmøtet i Valdres folkemusikklag den 23. mars vart Ivar Hemsing vald til ny leiar. Dei andre i styret er Oddrun Hegge, Magne Olav Selland, Frode Rolandsgard og Astrid Bråten (ny). I tillegg blir det vald eit styremedlem frå Valdres folkemuseum.

Referat frå årsmøtet blir lagt ut her så snart det er klart.
 
mandag 22. mars 2010
kappleiksstyretfotogamlenilsrogn.jpgValdreskappleik i Vang
Laurdag 10. april blir Valdreskappleiken 2010 arrangert på Åsvang i Vang. Det er Valdreskvelven spel- og dansarlag som står for kappleiken, som er ei tevling i folkemusikk og runddansmusikk med tilhøyrande dans.

 

Les mer...
 
tirsdag 16. mars 2010

Lea de
Helgesamling i Vestre Slidre
Lea de arrangerer helgesamling på Vestre Slidre kulturhus 19. - 21. mars 2010. Kulturhuset i Vestre Slidre er "splunk" nytt og blir ei fantastisk ramme kring helga. Alle musikarane vår blir også med denne helga (Jan Beitohaugen Granli, Steiin Villa, Inge Gjevre, Nina Fjeldet). Dette blir den siste helgesamlinga der dei får øvd koreografi før forestillingane til sumaren. Les meir på www.bygdadansar.no

 

 
onsdag 24. februar 2010
600 000 til Austnorsk folkemusikksenter
Oppland fylkeskommune har løyvd 600 000 kroner til drift av Austnorsk folkemusikksenter, over ei treårsperiode. I tilsegnsbrevet frå Oppland fylkeskommune heiter det at folkemusikksenteret, gjennom si deltaking i Rytmisk kompetansenettverk for Austlandet (saman med Østnorsk jazzsenter og Delta Øst) og arbeid med festivalar, produksjonar og profilerte musikarar, har betydeleg kompetanse og gjennomslagkraft, både regionalt og nasjonalt.
Les mer...
 
søndag 14. februar 2010

Årsmøtet 2010
Årsmøtet i Valdres folkemusikklag blir tysdag 23. mars kl. 19.00 i kommunestyresalen i Nord-Aurdal kommune. (inngang frå nedsida av bygget) Innkalling og sakliste blir sendt direkte til lokallaga, og vil også bli lagt ut her. Utanom vanlege årsmøtesaker vil også saka om eigarskapen til Valdres folkemusikkarrangement AS koma opp. Ei utgreiing av spørsmålet blir sendt ut denne veka i Låt o link.

Referat frå årsmøtet i fjor finn de her .

 

 
fredag 04. desember 2009
austnorsk_folkemusikksenter_440.jpg
Austnorsk folkemusikksenter er i gang

Etter to år i støypeskeia er Austnorsk folkemusikksenter i gang. Under stiftingsmøtet 30. oktober vedtok Valdresmusea, Valdres folkemusikkarrangement og Valdres folkemusikklag å etablere ei medlemsforeining for utøvarar innafor sjangrane folkemusikk, jazz og rock på Austlandet.
Les mer...
 
onsdag 25. november 2009
strunk2005_360201411.jpgYngretreff i Skrautvål
Yngretreff laurdag 28. november på Skrautvål skule kl 10.30- 16.00. Elevkonsert kl 15.00. Kaffe og loddsalg. Det blir kurs i langeleik, fele, torader, song og halling. Påmelding innan onsdag 25. november til Gustav Berger tlf 61363801 Tove Grethe Kolstad tlf 90051628 Deltakeravgift 100 kr for ikkje- medlemmar, gratis for medlemmar. Medlemskap kan tegnes her. Arr. Vårflaumen spel- og dansarlag og Øystre Slidre spel- og dansarlag.
 
lørdag 07. november 2009
erland_joplassen.jpgKonsert og rakfiskfest
Vestre Slidre folkemusikk- og danselag inviterer alle til konsert og rakfiskfest på Kvamshall laurdag 28. november kl. 19.30. Erland Joplassen held konsert og spelar til springardansen. Tom Kjetil Tørstad m/fl. syter for drivande godt gamaldansspel. Valdreskvelven har vakna til liv og vil også spela litt til dans. Godt med mat og drikke. Inngang kr 200,-
Påmelding til Randi Før innan tysdag 24. november tlf. 915 77 695 eller Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.
Hjarteleg velkomne til ein storslagen festkveld! 
 
fredag 06. november 2009
helge_myrheim.jpgKurs i bonde, konsert m/Helge Myrheim og dans
Laurdag 14. november. Kurs i bonde. - Den sensuelle dansen... Vårflaumen har lyst til å slå eit slag for bonden, eller bondedansen for ikkje å forveksle med ei minkande yrkesgruppe i primærnæringa. Ynskjer du å friske oppatt taka eller vil lære frå basis, så er Solabu staden kl. 11.00. Helge Gudheim som har studert kjeldemateriellet grundig og teke oppatt dansen, skal leie kurset.
Les mer...
 
fredag 06. november 2009
ta75-150.jpgTo feler – ein konsert
Sundag 8. november blir det konsert med felespelarane Aslak O. Brimi og Erlend Viken. Brimi og Vikenbyr på ein konsert med drivande godt samspel der feletradisjonen frå Gudbrandsdalen møter feletradisjonen frå Oppdal. Begge utøvarane er solide musikarar med ein rekkje sigrar og prisar. Cd-en deira, Duo, fekk seinast i haust ein pris under årets FolkeLarm.
Les mer...
 
mandag 19. oktober 2009
triakel.jpgDugnadsfest og konsert på Solabu!
Valdres folkemusikkarrangement as og Valdres folkemusikklag ynkjer å takke for den store og gode insatsen frå alle som jobba frivilig under Jørn Hilme-stemnet og Strunkeveko i sommar. Fredag 23. oktober kl. 19.30 blir det dugnadsfest på Solabu i Ulnes, og dette arrangementet er sjølvsagt gratis for alle dugnadsarbeidarar!
Les mer...
 
torsdag 10. september 2009

 fliflethamreslim.jpgKonsert med Fliflet/ Hamre
- sære og populære
Fliflet/Hamre er eit orkester som verkeleg er noko for seg sjølv. Med trekkspel og trommesett har Gabriel Fliflet og Ole Hamre skapt ein heilt eigen stil som har begeistra både publikum og kritikarar i dei forskjelligaste miljø.

Sundag 20. september vitjar dei Valdres.

Les mer...
 
onsdag 09. september 2009

ingar_ranheim.jpgIngar Ranheim tildeles RFF-prisen 2009
Prisen går dermed til en person som har utmerket seg både som utøver, pedagog, fagperson, forsker og organisasjonsmenneske (pressemelding på Folkemusikk.no).
Valdres folkemusikklag gratulerer Ingar Ranheim med prisen.

Les mer...
 
fredag 24. juli 2009
hilme_logo.gifStrunkeveko og Jørn Hilme-stemnet:
Arrangementa i gang!
Strunkeveko og Jørn Hilme-stemnet starta denne veka, og det har til no vore rekordframmøte på konsertar og kurs. Strunkeveko har t.d. over 150 deltakarar på strunkeveko og ministrunken, og kyrkjekonsertane og Snuff Grinders-konsertane har vore heilt fulle. I tillegg er det no skikkeleg festivalstemning på Fagernes, med fullt av folk på festivalkontoret.
 
<< Start < Forrige 1 2 3 4 Neste > Slutt >>

Resultat 1 - 31 av 96


 
 

SAMARBEIDSPARTNARAR:

 

VALDRESMUSEA AS

sb1_valdres_rgb.jpg
 
valdres_skjerper
 


SAGT:

Kouame Sereba: Til oss afrikanere blir det sagt at vi har rytmen i blodet. Det er bare tull. Jeg sier bare: Dra til Valdres!
(Etter å ha sett Hallgrim Hansegård og valdrisar på Førdefestivalen i 2005)



Olav Øraker: Det har blitt meg fortalt om Nils på Tørto, den sprekaste dansaren i Beito. Han dansa på sengestølpane og på komfyren. Men eingong ramla han overskrevs ned på stolpen. Då vart han roleg etterpå.



Han Embert på Jordet sa når han såg gode dansarar: "Han dansa nok gødt, men han dansa ikkje fulle so gødt ette låtte, han som é." Embert låg sjølv litt etter låtten. (fortalde Olav Øraker) 





 
         
Copyright ©Valdres folkemusikklag