FolkemusikkUng startar oppatt onsdag 2. september for dei f.o.m. 12 år.

Det er veldig viktig at alle les og forstår desse hovudreglane som er sett opp under.

Hovudreglar:

  • Ein kan berre vere på FolkemusikkUng når ein er heilt frisk.
  • Om du har, eller nettopp har hatt symptom som sår hals, forkjølelse, lett hoste, muskelsmerter eller hovudverk, kan du ikkje kome på FolkemusikkUng.
  • Vask hendene før du dreg heimanfrå, eller går frå skulen.
  • Bruk antibac på hendene når du kjem. Det finn du rett innafor inngangsdøra.
  • Husk generelle råd om hosting.
  • Vask hendene når du kjem heim.
  • Pass på at du held god avstand til andre.
  • Kan ein unngå bruk av toalett gjer ein det.
  • Du må ha med eige instrument.
  • Hald god avstand til døra om nokon skal ut før du skal inn.

 

  • Lærarane må også sjølve vaske hender ofte. 
  • Lærarar brukar ikkje ringar eller andre handsmykke.
  • Lærarane tek ikkje i elevane sine instrument, unntatt ved behov for å stemme. Læraren brukar då eingongshanskar og overlevering av instrument skjer slik at regelen om ein meters avstand blir halde.
  • Lærarane må også halde avstand til kvarandre.
  • Lærarar har ansvar for å rettleie om nokon gløymer å følge smitteverntiltaka.

 

Vi held på 1 meters avstand mellom deltakarane på gruppeøvingane og i pausa.

Pardans er lov for dei under 19 år, men vi vil sette opp faste dansepar. Det blir ikkje bytte av dansepartnar.

Du må melde frå til Frank Rolland om du kjem på FolkemusikkUng. Anten på facebooksida til FolkemusikkUng eller på e-post: leiar@strunkeveko.no

Lærarane på FolkemusikkUng har rutinar på smittevernsreglar i kulturskulane dei arbeider

Reinhald av lokale blir gjort av Valdres Folkemuseum.

Vi brukar kun desse romma på museet:

Halling – festsalen

Hardingfele – utstillinga

Song – butikken

Langeleik – Slidrehuset

Munnharpe – Jonshegge

Dans– festsalen

 

Timeplan:

16.00-17.15 Undervisning

17.15-17.30 Mat (Frode og Frank serverer kvar og ein etter tur i køordning)

17.30-18.00 Dans

 

Dersom du får påvist positiv covid -19, må du umiddelbart ta kontakt med FolkemusikkUng v/ Frank H. Rolland, tlf 90632556. Dette på grunn av smittesporing.

 

Musikkens studieforbund og Norsk Musikkråd har utarbeida ein veileder for kor og korps (oppdatert 15.6.20):

https://nmr-assets.ams3.digitaloceanspaces.com/documents/Norsk-musikkrad-dok/Korona/Veileder_v150620_3.pdf

 

Datoar for FolkemusikkUng hausten 2020:
 
02. september: f.o.m 12 år
16. september: under 12 år
30. september: f.o.m 12 år
14. oktober: under 12 år
28. oktober: f.o.m 12 år
11. november:    under 12 år
25. november:    f.o.m 12 år
09. desember:    under 12 år