Då bør du stemme fela, pusse danseskoa og ta turen til Åsvang 9. mai. Årets Valdreskappleik går nemleg av stabelen på Åsvang skule og barnehage denne laurdagen. Dette blir ein svært interessant kappleik, der særleg dei yngste får høve til å vise seg fram. Arrangøren fortel likevel at alle er hjarteleg velkomne til å delta, og at dei ser fram til ein triveleg folkemusikkdag der oppe.

Alt tyder på at dette blir den perfekte oppvarminga til Jørn Hilme-stemnet og Landskappleiken på Fagernes no til sumaren.

Meir informasjon kjem etter kvart. 

Følg med på facebook-sidene til arrangementet 

https://www.facebook.com/events/397741750385233

og heimesidene til Valdreskvelven spel- og dansarlag:

http://valdreskvelven.no/index.htm