IMG_8264 copy

Valdres folkemuseum //Laurdag frå Kl. 17.00 // Inngang KR. 300

SUMARKVELD PÅ VALDRES FOLKEMUSEUM

Det toppar seg laurdag kveld på Valdres Folkemuseum! Konsertar, dans, mat, buskspel og mykje kos er nøklane til ein vellykka laurdagskveld!

Utla

Bukkehornspelar og saksofonist Karl Seglem, hardingfelespelemann Håkon Høgemo og perkusjonist Terje Isungset er velkjent for dei fleste, alle tre står sterkt på eigne bein med godt ry og fleire mottekne utmerkingar for sine musikal- ske virke. Sidan 1991 har dei også utgjort trioen Utla. Utla har ei solid turnéliste bak seg, med konsertverksemd gjennom over 20 år i inn- og utland, samt fire pla- teutgjevingar. På sumarkvelden på Valdres folkemuseum vert den erfarne trioen igjen å sjå. Kvar med sitt særpreg skapar dei saman eit unikt musikalsk uttrykk som er vel verd å få med seg!

Festsalen // Kl. 18.00
 

Gamaldans med P. A. Røstad – 50-årsjubileum!

Det kjente og kjære gamaldansorkesteret P. A. Røstad tek turen til Valdres denne laurdagen. Dei spelar god og fengande dansemusikk, og feirar 50 år i 2013! Til drivande godt spel kan du svinge deg inn i dei seine nattetimane! Dei som spelar opp er: Einar Olav Larsen, Petter Andreas Røstad, Bjørn Bakkan, Villy A. Kvernmo og Bjørn Arild Aksnes

Bygdedans

På museet er det tradisjonen tru dans på alle golv. I dei eldgamle husa kan ein oppleve bygdedans frå ulike distrikt. Her kan du høyre landets beste spelemenn og -kvinner og sjå dans som får dei gamle tregolva til å huske. Nett desse inn- trykka er noko av det som gjer Jørn Hilme-stemnet unikt, og som lokkar publi- kum tilbake år etter år. 

Dansevertar – skal vi danse?

I år som i fjor har vi eigne dansevertar på Jørn Hilme-stemnet, dei vil vera godt synlege på dei mange dansegolva både fredag og laurdag kveld. Ingen å danse med? Lyst til å lære? By dei opp til dans, dei er der for deg!

Utekappleik

Utekappleiken på laurdagskvelden, med lagdans, lokk, bukkehorn, lur og tambur. Med stødige og munnrappe programleiarar bind vi kappleiken saman med andre underhaldande innslag for og med store og små. Ein triveleg og familievenleg start på sumarkvelden!

Amfiet // Kl. 19.00

 

Vinyl på Nystøga

Uformell pøbb med vinyl og buskspel. Ta med plater og instrument! Aldersgrense 18 år.

Nystøga // Kl. 17.00 - 02.00

 

Sysken – Sturla Eide, Sveinung & Gunnhild Sundli

Syskena Sveinung og Gunnhild Sundli gjorde stor suksess saman i bandet Gåte; han på fele og tangentar, ho på vokal. Den grensesprengande kombinasjonen av folkemusikk og rock vart godt motteke av publikum. Etter at bandet tok pause i 2005, har Sveinung og Gunnhild berre stått saman på scena under nokre få eks- klusive Gåte-konsertar, dei har i hovudsak vore opptekne med ulike prosjekt på kvart sitt hald. Under Jørn Hilme-stemnet entrar dei igjen scenen i saman. Dei har då også med seg storebror og felespelar Sturla Eide, som etter mange år i norsk musikkliv har fleire utgjevingar og utmerkingar bak seg. Med dei tre talent- fulle syskena frå Sør-Trøndelag på scenen, er det duka for magiske og musikalske overraskinger denne sumarkvelden på Valdres Folkemuseum. Dette blir spen- nande! Eksklusivt for Hilme!

Amfiet // Kl. 20.30

 

Øyvind Brabant og Gunnlaug Lien Myhr

Det skulle berre mangle om ein ikkje skulle få gjester frå Hallingdal til Hilme! Kva er vel då betre enn å invitere desse to sentrale læremeistrane og tradisjonsberarane frå nabodalføre. Gunnlaug og Øyvind deler av sitt rike materiale med publikum.

Høyne skule // Kl. 22.00

 

Dansekonsert med Jan B Granli og Per Anders Buen Garnås

Når desse to meisterspelemennene held dansekonsert i saman ligg det an til eit sydande dansegolv, vekslande mellom Valdres- og Telemarkstradisjonar vil dei halde dansegolvet varmt! Ikkje gå glipp av dette!

Slidrehuset // Kl. 23.00