Vårflaumen spel- og dansarlag

Spel og dans på museet på torsdag

Torsdag 26. mars er det miljøkveld i Festsalen på Valdres folkemuseum i regi av Vårflaumen spel- og dansarlag

Det blir fyrst ein langeleikkonsert med Ingebjørg Hegge Bratrud og Anniken Thorsrud. Deretter spelar Sindre Tronrud og Henning Andersen opp til dans. Bodil Holmen, leiar i laget, opplyser om at alle er hjarteleg velkomne til spel, dans og triveleg samvære i Festsalen på Valdres folkemuseum. Konserten startar 19.00. og det blir dans fram til 21.00.