20120808MagnusAndersen4

Kartellet

I dansekonserten «Kartellet» står det fysiske samarbeidet mellom fem menn i fokus.

Kvintetten utgjer valdrisen Ådne Kolbjørnshus, østerdølen Martin Myhr og troms-trioen Sigurd Johan Heide, Nils-Ole Foshaug og Inge Martin Helgesen. Kroppsmeistring og dansefagleg kompetanse er felles for dei fem, men alle har dei sterk individuell identitet innanfor dansen. Det er med det duka for eit unikt visuelt uttrykk på dansegolvet i denne framsyninga. Mariann Torset og Mari Skeie Ljones toneset framsyninga. Aktørane har som mål å dela dansen og gje publikum ei fysisk oppleving av musikalitet og dans! Tør du?

Koreograf: Sigurd Johan Heide
Komponist: Mariann Torset
Produsent: Terje Foshaug

Valdres Folkemuseum, Festsalen // Torsdag Kl. 19.00 og 20.30 // KR. 250