dansebilde

12. mai

Valdreskappleiken og konsert med Sudan Dudan på Slidre

Vestre Slidre folkemusikk- og danselag er arrangør av årets Valdreskappleik. Valdreskappleiken er lokalkappleik og runddansstemne for Valdres. Kappleiken går på omgang i lokallaga i Valdres, og blir arrangert om våren. Kappleiken går føre seg på dagtid, med finalekonsert og fest på kvelden. Jørn-Hilmestemnet inviterar til konsert med Sudan Dudan kl 18.00.

Merk at det må kjøpast eigen billett til denne konserten. Deltakarar, og publikum som har løyst billett til kappleiken, får rabatt. Billettar kan kjøpast på førehand på www.hilme.no eller under kappleiken. Sjå meir info under billettprisar.

Arrangementet er på Vestre Slidre kulturhus.

Kappleiken: Førehandspåmelding innan 30.april på e-post til tevlingsleiar Anne Marit Røn / anne-marit@slidre-eiendom.no

Hugs fullt namn, telefon, klasse og alder. Startliste blir lagt ut på facebooksida før kappleiken. Dersom du ikkje har meldt deg på førehand, men ynskjer å delta, ta kontakt med tevlingsleiar. Det kan vera høve til å delta likevel, dersom det er ledig plass.

Kappleiken har totalt ni ulike klasser. Alle klasser, bortsett frå runddanstevlinga på kvelden, blir delt i junior og senior. I tillegg er det ei felles klasse for alle rekruttar. Kappleiken har ingen eigne gjesteklasser, men ynskjer gjester utanfrå til å delta i dei klassene som finst.
1. Eldre folkemusikkinstrument: langeleik, munnharpe, fløyter, lur, bukkehorn mm.
2. Pardans/ laus: springar/ springleik/ pols, gangar/ bonde, laus/halling
3. Lagdans: springar/ springleik/ pols, gangar/ bonde, laus/halling
4. Hardingfele/ Vanleg fele
5. Samspel: spelemannslag, gamaldansgrupper mm.
6. Toradar/ Trekkspel - solo
7. Vokal - solo
8. Open klasse
9. Runddans/gamaldanstevlinga på kvelden.

Senior: deltakarar f.o.m. det året dei fyller 19 år.
Junior: deltakarar f.o.m. det året dei fyller 12 år t.o.m. det året dei fyller 18 år.
Rekrutt: deltakarar under 12 år (til og med det året dei fyller 11 år).

Påmeldingsavgift:
Senior 150,- junior 100,- rekrutt 50,- Dette gjeld pr. deltakar i alle klasser solo/par/lag/samspel. 2.gongs deltaking 50% rabatt. Lag kan få tilsendt faktura, enkeltutøvarar betalar ved registreringa på kappleikskontoret. Avgifta inkluderer også finalekonsert, premieutdeling og fest på kvelden, men ikkje konserten som Hilmestemnet arrangerer.



Program:
09.30 Tevlingskontoret opnar
10.30 – 17.00 Kappleik i alle klassar
17.00 – 18.00 Middagspause

18.00 Konsert Sudan Dudan
19.00 Finalekonsert og premieutdeling
20.00 Fest med gamaldans og bygdedans
22.00 – 22.30 Tevling/kåring av årets gamaldanspar
01.00 Vel heim!

Det blir høve til å kjøpe seg mat og drikke både på dagtid og kveldstid. Servering av middag frå kl 15.

Billettprisar:
Vaksne 150,- Ungdommar(12-18år) 50,- Born under 12 år gratis

Billetten dekkjer tevling på dagtid, finalekonsert, premieutdeling og fest på kvelden, men ikkje konserten arrangert av Hilmestemnet.

Konsertbillett til Sudan Dudan kr 200,-. Kan bestillast på førehand på www.hilme.no eller kjøpast på kappleiksdagen.

Finalekonsert

Dommarane plukkar ut fire finalistar frå deltakarane om dagen til finalekonsert om kvelden klokka 19.00. Etter finalekonserten er det premieutdeling.

Kåring av beste runddans/gamaldanspar
Mellom 22.00 og 22.30 kjem dansedommarane til å plukke ut eit par som blir årets gamaldanspar.

 

Fest

Sjølvsagt blir det dansefest på kvelden, med dei fremste utøvarane frå Valdres som spelemenn. Det blir høve til å danse både gamaldans og springar.

Facebooksida vår blir oppdatert med startlister, dansespel på kvelden og anna aktuelt.