Foto: Anbjørg Myhra Bergwitz/FolkOrg

6. mai 2017

Valdreskappleiken i Skrautvål

Vårflaumen spel- og dansarlag er arrangør av årets Valdreskappleik. Valdreskappleiken er lokalkappleik og runddansstemne for Valdres. Kappleiken går på omgang i lokallaga i Valdres, og blir arrangert om våren. Kappleiken går føre seg på dagtid, med finalekonsert og fest på kvelden.

Jørn-Hilmestemnet inviterar i konsertserien Vår med Hilme, til konsert kl 18.00. Ådne Kolbjørnshus og Vetle Springard kjem til Valdres med framsyninga «Døgeniktenes debatt». Konserten er ei delvis improvisert framsyning med dans og dialog rundt tema som står utøvarane nært.

Merk at det må kjøpast eigen billett til denne konserten. Deltakarar, og publikum som har løyst billett til kappleiken, får rabatt. Billettar kan kjøpast på førehand her http://www.hilme.no/program/hilme-aaret-rundt/doegeniktenes-debatt.aspx

eller under kappleiken. Konsertbilletten dekkjer også inngang på festen om kvelden. Sjå meir info under billettprisar.

Arrangementet er på Skrautvål grendehus. https://goo.gl/maps/jQKg8Tv3idM2

Kappleiken:

Førehandspåmelding innan 1.mai på e-post til tevlingsleiar Jonny Rye. Jonny.rye@nord-aurdal.kommune.no

Hugs fullt namn, telefon, klasse og alder. Startliste blir lagt ut på facebooksida før kappleiken. Dersom du ikkje har meldt deg på førehand, men ynskjer å delta, ta kontakt med tevlingsleiar. Det kan vera høve til å delta likevel, dersom det er ledig plass.

Kappleiken har totalt ni ulike klasser. Alle klasser, bortsett frå runddanstevlinga på kvelden, blir delt i junior og senior. I tillegg er det ei felles klasse for alle rekruttar. Kappleiken har ingen eigne gjesteklasser, men ynskjer gjester utanfrå til å delta i dei klassene som finst.
1. Eldre folkemusikkinstrument: langeleik, munnharpe, fløyter, lur, bukkehorn mm.
2. Pardans/ laus: springar/ springleik/ pols, gangar/ bonde, laus/halling
3. Lagdans: springar/ springleik/ pols, gangar/ bonde, laus/halling
4. Hardingfele/ Vanleg fele
5. Samspel: spelemannslag, gamaldansgrupper mm.
6. Toradar/ Trekkspel - solo
7. Vokal - solo
8. Open klasse
9. Runddans/gamaldanstevlinga på kvelden.

Senior: deltakarar f.o.m. det året dei fyller 19 år.
Junior: deltakarar f.o.m. det året dei fyller 12 år t.o.m. det året dei fyller 18 år.
Rekrutt: deltakarar under 12 år (til og med det året dei fyller 11 år).

Påmeldingsavgift:
Senior 150,- junior 100,- rekrutt 50,-

Lag senior 1000,- Lag junior 700,- Lag kan få tilsendt faktura, enkeltutøvarar betalar ved registreringa på kappleikskontoret. Avgifta inkluderer også finalekonsert, premieutdeling og fest på kvelden, men ikkje konserten som Hilmestemnet arrangerer.

Program:
09.30 Tevlingskontoret opnar
10.30 – 17.00 Kappleik i alle klassar
17.00 – 18.00 Middagspause

18.00 Konsert Døgeniktenes debatt
19.00 Finalekonsert og premieutdeling
20.00 Fest med gamaldans og bygdedans
22.00 – 22.30 Tevling/kåring av årets gamaldanspar
02.00 Vel heim!

Det blir høve til å kjøpe seg mat og drikke både på dagtid og kveldstid. Servering av middag frå kl 15.

Billettprisar:

Vaksne 150,- Ungdommar(12-18år) 50,- Born under 12 år gratis

Billetten dekkjer tevling på dagtid, finalekonsert, premieutdeling og fest på kvelden, men ikkje konserten arrangert av Hilmestemnet.

Konsertbillett til Døgeniktenes debatt kr 200,-. Kan bestillast på førehand her http://www.hilme.no/program/hilme-aaret-rundt/doegeniktenes-debatt.aspx , eller kjøpast på kappleiksdagen. Billetten dekkjer også festen om kvelden.

Deltakarar som har betalt deltakaravgift, og publikum som har løyst billett, betalar 100,- for konserten.

Finalekonsert med pengepremiar
Dommarane plukkar ut fire finalistar frå deltakarane om dagen til finalekonsert om kvelden klokka 19.00. Desse tevlar om 2000, 1500, 1000 og 500 kroner. Etter finalekonserten er det premieutdeling.

Kåring av beste runddans/gamaldanspar
Mellom 22.00 og 22.30 kjem dansedommarane til å plukke ut eit par som blir årets gamaldanspar. Dette paret får 1000 kroner og napp i vandrepremien til minne om Ivar Brænd.

Fest
Sjølvsagt blir det dansefest på kvelden, med dei fremste utøvarane frå Valdres som spelemenn. Det blir høve til å danse både gamaldans og springar.

Same helga er det ungdomssamling, der FolkemusikkUng i Valdres får besøk av ungdommane i Tinn spelemannslag frå Telemark

Facebooksida vår blir oppdatert med startlister, dansespel på kvelden og anna aktuelt. https://www.facebook.com/groups/70109987155/