Det er førehandspåmelding til kappleiken innan 25.mars på e-post til solfrid.olmhus@gmail.com

Hugs fullt namn, telefon, klasse og alder. Startliste blir lagt ut på facebooksida før kappleiken. Dersom du ikkje har meldt deg på førehand, men ynskjer å delta, ta kontakt på kappleikskontoret. Det kan vera høve til å delta likevel, dersom det er ledig plass.

Kappleiken har totalt ni ulike klasser. Alle klasser, bortsett frå runddanstevlinga på kvelden, blir delt i junior og senior. I tillegg er det ei felles klasse for alle rekruttar. Kappleiken har ingen eigne gjesteklasser, men ynskjer gjester utanfrå til å delta i dei klassene som finst.
1. Eldre folkemusikkinstrument: langeleik, munnharpe, fløyter, lur, bukkehorn mm.
2. Pardans/ laus: springar/ springleik/ pols, gangar/ bonde, laus/halling
3. Lagdans: springar/ springleik/ pols, gangar/ bonde, laus/halling
4. Hardingfele/ Vanleg fele
5. Samspel: spelemannslag, gamaldansgrupper mm.
6. Toradar/ Trekkspel - solo
7. Vokal - solo
8. Open klasse
9. Runddans/gamaldanstevlinga på kvelden.

Senior: deltakarar f.o.m. det året dei fyller 19 år.
Junior: deltakarar f.o.m. det året dei fyller 12 år t.o.m. det året dei fyller 18 år.
Rekrutt: deltakarar under 12 år (til og med det året dei fyller 11 år).

Påmeldingsavgift:
Senior 150,- junior 100,- rekrutt 50,- Lag senior 1000,- Lag junior 700,-