Det er nemleg Valdreskvelven spel- og dansarlag sin tur til å arrangere Valdreskappleiken. Årets kappleiksgeneral er Tora Vik, og ho fortel at alt er under kontroll: - Me er ni stykk i hovudkomiteen, og alle er innbarka vangsgjeldingar. Det er fem år sidan Valdreskappleiken vart arrangert i Vang, også då gjekk stemnet føre seg på Åsvang. - Det er teke nokre grep sidan sist, mellom anna følgjer me Valdres folkemusikklags mal for Valdreskappleiken. Dette inneber at det er seks dommarar som dømer i alle disiplinar, fortel Tora S. Vik. Vinjerockpassa blir trekt på inngangsbilletten. Både publikum og deltakarar over 18 er med i trekninga.

- Korleis kan ein melde seg på Valdreskappleiken 2015?

- Ein kan melde seg på direkte til Nils Leine via Valdreskvelven sine nettsider, men ein kan også melde seg på via kappleikssystemet til FolkOrg, informerer kappleiksgeneral Vik. 

Sjølve tevlingane går av stabelen laurdag 09.05 klokka 12.00, men dørene opnar 11.00. Det er premieutdeling 19.30, og finalen er klokka 20.00. Deretter er det dansefest, og det blir eit breitt utval av spel til dansen. Fullstendig program kan ein sjå på Valdreskvelven.no, eller på Facebook

Quiz og partytelt

Som kjent, er det mykje kunnskap i folkemusikkmiljøet i Valdres. - Det blir difor arrangert ein "kviss" i middagspausa under tevlingane, seier Tora. Ho opplyser også om at tema for spørjekonkurransen er innanfor den velkjente kategorien "laust og fast". 

- Det blir også mogleg å overnatte på kappleikscamp om ein tek med seg telt, nemner T. Vik. Ho stiller sjølv med grill. 

- Men skal de ha opp eit partytelt? 

- Ja, det blir nok til det, men det kan hende at det er litt øydelagt etter Landskappleiken i fjor, seier kappleiksgeneralen. 

Uansett blir det sal av god mat og drikke. 

Ungdomssamling

Dei siste åra har det vore ungdomssamlingar i samband med Valdreskappleiken. Valdreskappleiken 2015 blir ikkje eit unntak. Sivert Holmen, Stian Roland og Frode Rolandsgard går i bresjen for eit opplegg for ungdom som varar heile helga. Fokus denne gongen blir kappleik/konsert - bruk av låttar, og alle bør stille klare med eit par låttar for bruk i slike høve. Det blir gruppeundervisning/"masterclass" - modell denne gongen. Tom Willy Rustad er lærar på toradar, Magne Olav Selland er lærar på munnharpe og hardingfele.Sivert A. Holmen, hardingfele. Anders Aasberg er hallingdansinstruktør, mens Trude Bakke rettleier langeleikelevane. Stian Roland er libero, populært kalla "potet". For å finne meir informasjon, mellom anna om påmelding og opplegg, kan ein ta ein kikk på ungdomssalmlinga si hending på Facebook

Me freistar med mykje; vakre dommarar, fantastiske utøvarar, QUIS, Vinjerock-billettar, god mat og drikke, ei runddanstevling som får golvet til å knake, ein finalekonsert utan like, ein kappleikscamp med grill, ein fest med eld! Det er med andre ord; den perfekte oppvarminga for Landskappleik og Hilme-stemnet til sumaren! Ta med deg ein dansesko eller to og kom til Åsvang 9.mai!

- Arrangøren av Valdreskappleiken 2015