Kappleik i Festsalen

Klokka 11 startar kappleiken i festsalen på museet, her vil du opp- leve klasse C/ junior/rekrutt spel, dans,vokal og durspel, klasse A, B og D vokal, samt eldre fol- kemusikkinstrument og open klasse.

Festsalen // kl. 11.00 - 15.00
 

Leikestasjon på Høyne skule

På gamle Høyne skule riggar vi til for enkle aktivitetar og leikar for born!

Høyne skule // Kl. 12.00 - 16.00

 

Premieutdeling

Tradisjonen tru blir det høgtideleg premieutdeling for alle som har delteke på kappleiken! Ingen deltakarar skal reise tomhende heim frå Jørn Hilme-stemnet.

Festsalen // Kl. 16.00

 

Før vi reiser heim – Lise Lunde Brennhagen

Valdresjenta og langeleikspelaren Lise Lunde Brennhagen held årets avslutnings- konsert. Ho tek utgangspunkt i plata si «Kjeringe i snødrevet». Publikum vil få høyre tradisjonsstoff frå Valdres etter mellom andre dei kjente storspelemennene Olav Snortheim og Ola Brenno. Frå spreke springarar og hallingar, til vare og lyriske lyarlåttar.

Festsalen // Kl. 17.00