Jan Beitohaugen Granli vann finalen foran Stian Roland og Ellen Persvold, som for høvet dansa valdresspringar saman. Stian var også i finalen som kvedar. Elles var kappleiken prega av ungdomssamlinga ein hadde gåande samtidig. Det var mykje ungdom, primært frå Valdres, samla, og mange av desse var frampå og viste særs lovande takter.

Vellukka arrangement

Elles kom det tydeleg fram at arrangøren visste kva dei heldt på med. Nytt av året var Quiz i middagspausa før det braka laus med finale og runddanstevling. Dette var eit vellukka grep som ein kan tilrå framtidige arrangørar å ta med seg. Elles baud det på utfordringar for domarane å få sett opp ei endeleg resultatliste. Arrangørmalen frå 2008 seier at det skal vera  seks domarar som dømer i alle klasser, og ein bruker lik poengsum i alle klassene, slik at ein skal kunne samanlikne på tvers av dei ulike disiplinane. Det er klart at det tek si tid når seks domarar skal bli einige, difor tok det ei stund før premieutdelinga kom i gang, men det var få som syntest det var eit problem, sidan Tom Kjetil Tørstad underheldt med framifrå dansespel.

Elles var Folkemusikkarkivet til stades og gjorde opptak. Eventuelt interessert kan ta kontakt med Elisabeth Kværne for å få høyrt/sett ulike ting frå kappleiken. 

Resultatlista er her

Sjå innslag frå kappleiken her