Knut Arne og Brit

Springarkurs!

Helga 18-19 og 25-26. april blir det arrangert to nybyrjarkurs i Valdressspringar. Fyrste helga er det kurs på Herangtunet i Øystre Slidre, siste helga på Slidrehuset på Valdres folkemuseum. Instruktørar er Knut Arne Jacobsen, Brit Totland og Eli Marit Fuglesteg.

 

Kurset blir ei flott oppkøyring til Landskappleiken på Fagernes til sommaren.

For påmelding ta kontakt med Jan (907 39 561) eller Unni Myrheim (970 90 012)
Arrangørar er  Øystre Slidre spel- og dansarlag, Valdreslaget i Oslo og Vårflaumen spel- og dansarlag.