hilme året rundt logo-liten.jpg23. november kl. 19.00 // Kvamshall, Vestre Slidre

Det beste spelemannslaget i landet er frå Valdres

Dei siste åra har Spelemannslaget til fremjing av møsegrodde låttar kjempa heilt i toppen av resultatlistene på Landskappleiken, og i 2018 vart dei historiske då dei gjekk av med sigeren på Landskappleiken i Trysil. Dette var fyrste gong eit hardingfelelag vann lagspelklassa, som er ei svært prestisjetung klasse. I alt 28 lag stilte i konkurransen.  Som ei ekstra fjør i hatten fekk spelemannlaget spele på Meisterkonserten i Den Norske Opera hausten 2018.

No held dei sin fyrste konsert på heimebane, laurdag 23. november på Kvamshall i Vestre Slidre.

Som namnet på laget tilseier så blir det servert låttar som ikkje ein høyrer så ofte. Faktisk så seier statuttane til spelemannslaget at dei skal bruke låttar som knapt har vore i bruk på 50 år! Det vil seie at det går med mykje tid til å leite fram materiale frå m.a Valdres Folkemusikkarkiv. Så her har du ein unik moglegheit til å høyre sjeldne låttar i perfekt samspel, seier Ellen Persvold, dagleg leiar i Valdres Folkemusikkarrangement AS.

Spelemannslaget til fremjing av møsegrodde låttar består av: Jan Beitohaugen Granli, Kjellbjørn Karsrud, Magne Olav Selland, Ragnhild Opedal Biribakken, Jørgen Andrisson Kvam, Sivert Andreas Holmen, Mari Ormberg, Frank Henrik Rolland og Sindre Tronrud.

Tradisjonen tru inviterer Vestre Slidre folkemusikk- og dansarlag inn til rakfisklag denne kvelden. Det blir altså både konsert, mat og dans. Det blir råd å svinge seg til runddans og springarlete frå  Valdreskvelven spel- og dansarlag og medlemmer frå dei møsegrodde.

Om ein vil vera med på rakfisklaget kan ein melde seg på til frode.rolandsgard@talik.no

Arrangementet er i samarbeid med Vestre Slidre folkemusikk- og dansarlag.

 

For meir informasjon kontakt Ellen Persvold, 990 31 511

Påmelding innan 20. november til: frode.rolandsgard@talik.no

Inngang: Konsert 150,-/konsert og rakfisklag: 300/250,-

last ned.jpeg