Landskappleiken er eit stort arrangement og me er avhengige av at det er interesse i lokalmiljøet og i folkemusikkmiljøet om me skal klare å gjennomføre. Også det lokale næringslivet er ein viktig aktør i dette. Me ynskjer med dette møtet å lodde stemninga for å arrangere Landskappleik på Fagernes i 2015. Møt opp og kom med dine synspunkt på korleis ein eventuell landskappleik på Fagernes i 2015 kan bli eit arrangement me kan stå inne for!

 

 Om landskappleiken

Årleg samlast om lag 1000 aktive spelemenn, songarar og dansarar i 5 dagar i slutten av juni. Om lag 5000 - 7000 tilreisande kjem til Landskappleiken.
Arrangementet er ambulerande og flytter kvart år til ein ny arrangementsstad. Det er FolkOrg – organisasjonen for folkemusikk og folkedans - som eig arrangement, men det er årleg ein lokal arrangør,  gjerne er eit av dei lokale spelemannslaga i organisasjonen, som står for landskappleiken.