Vi såg at mange elevar sat med soloundervisning i kulturskulene og ikkje kom inn i eit miljø med likesinna, så for 6-7 år sidan starta vi med regelmessige øvingar for ungdom på museet, fyrst for hardingfele og langeleik, men etterkvart har tilbodet utvikla seg, slik at vi har to grupper på hardingfele, to på langeleik, ei halingdansgruppe, songgruppe, toradergruppe og sjølvsagt felles danseopplæring for alle. Vi har mellom 25 og 30 ungdommar innom no i aldersgruppa 8 til 18 år.

Instruktørar i vår er Jan Beitohaugen Granli, Sivert Holmen, Elisabeth Kværne, Oddrun Hegge, Marit Karlberg, Tom Kjetil Tørstad og Ådne Kolbjørnshus. Til no har Stian Roland vore med som danseinstruktør, men han måtte gje seg då han byrja i ny jobb i Rauland. Vidare har vi hatt fleire gjesteinstruktørar.

Vi møtast med instrumentgruppene på museet ein onsdag i månaden og i tillegg er det ekstra danseøving ein annan onsdag i månaden. Dette fungerer bra! Vi har lite fråfall og ungdommane blir godt kjende. Dansing på operaen var eit høgdepunkt i haust.

Etter dei gode økonomiske resultata for Landskappleiken i 2015 og for Jørn Hilme i 2016 sit både folkemusikklaget og AS-et vårt med ganske store midlar. Styret i VFL har difor spurt AS-et om ikkje dei kunne utvide aktiviteten sin, m.a. ved å ta eit utvida ansvar for å arrangere heilårskonsertar og å drive Strunkeveke-relatert verksemd gjennom heile året. Svaret på dette var at Sivert Holmen fekk utvida stillinga si frå 20% for Strunkeveko til 40%, og at AS-et dermed har ein person med moglegheit til å tenkje rekruttering gjennom heile året. Sjølvsagt i smb med folkemusikklaget.


På styremøte i Valdres folkemusikklag 16. februar tenkte vi vidare. Kva meir bør vi satse på for å auke rekrutteringa og kor er dei svake punkta våre? Dette vart også diskutert med lokallagsrepresentantane, som kom etter styremøtet.

Vi var samde om at vi har ei utfordring med å få dei yngste ned på museet og at dei eldste ungdommane vi har i dag (15-19 år) er så sammensveisa at det kan vera litt vanskeleg å få med fleire frå denne gruppa. Vi har difor kome opp med nokre forslag til tiltak utover våren.

For det første ber vi Sivert Holmen om å lage eit årshjul for rekrutteringsarbeidet i Valdres. Her blir alt lagt inn. Helgestrunk, Strunkeveko, museumsamlingar, Lått o leven, samlinga i Sør-Aurdal m.v.

Vidare ønskjer vi å arrangere dagsamling enkelte helgar for elevar i kulturskulen, t.d. i to og to kommunar. Dette vil særleg bli retta mot dei litt yngre og er tenkt litt over same leisten som Begnaljom har gjort alt i fleire år. Mot 10.klasse/ vidaregåande skule satsar vi på nybyrjaropplæring i dans på Leira rett etter skuletid. Når desse ungdommane er klare for det, håpar vi at dei vil bli med på dei vanlege danseøvingane på museet. Vi vil få med dei eldste ungdommane våre som medinstruktørar i dette.

Vonaleg vil summen av desse tiltaka, og av godt samarbeid mellom folkemusikklaget, AS-et ved dagleg leiar Ellen Persvold, slave Sivert Holmen og styreleiar Henrik Grøndalen, samt ikkje minst Valdresmusea hjelpe oss endå eit hakk opp med rekrutteringa i Valdres.