Valdres Folkemusikklag er regionlaget for alle spel- og dansarlaga i Valdres. Laget vart stifta i 1966.

Medlemslaga i Valdres Folkemusikklag er:

Valdreslaget i Oslo
Begnaljom spel- og dansarlag (Sør-Aurdal kommune)
Etnedal spel- og dansarlag
Vårflaumen spel- og dansarlag (Nord-Aurdal kommune)
Øystre Slidre spel- og dansarlag
Vestre Slidre folkemusikk- og danselag
Valdreskvelven spel- og dansarlag (Vang kommune)

Regionlaget arbeider med felles tiltak for heile folkemusikkValdres, slik som festivalen Jørn Hilme-stemnet, barne- og ungdomskurset Strunkeveko, Valdreskappleiken, Lea de i Valdres, Valdres juniorspelemannslag, ungdoms- og rekrutteringstiltak og mykje meir. Jørn Hilme-stemnet og Strunkeveko er organisatorisk lagt til eit eige selskap, Valdres folkemusikkarrangement AS

Kontorplassen for arrangementselskapet er på Valdres Folkemuseum på Fagernes.

Vil du bli medlem i Valdres Folkemusikklag og eit av medlemslaga? Gå inn her:
https://folkorg.no/meld-deg-inn-i-folkorg/

Medlemskapen inkluderer medlemskap i den nasjonale folkemusikk- og danseorganisasjonen FolkOrg.