Helga Myhr er hardingfelespelar og songar frå Ål i Hallingdal. Ho er ein sterk tradisjonsbærar innanfor solo hardingfele og improviserar seg ofte gjennom dei spesielle slåttane og songane frå heimtraktane. Med stor nyfikenheit mot ulike klangar ein kan finne i hardingfela, fokuserer Myhr på kreativiteten som oppstår når ein går djupt ned i til dømes rytmer, strøkfigurar og tonalitet til ein tradisjon. Myhr spelar elles i ulike band og konstellasjonar. Ho har til dømes gjeve ut to kritikerroste plater med vokalgruppa Kvedarkvintetten og i vår kom debutalbumet til folkemusikkbandet Morgonrode. Våren 2019 vart ho ferdig med studiane ved Norges Musikkhøgskole som utøvande folkemusikar.

No er ho her med sitt fyrste soloalbum, "Natten veller seg ut", på plateselskapet Motvind Records. Dette er den fyrste utgåva av den nye serien deira: Perspektiv på norsk folkemusikk. Plata inneheld eigne, eksperimentelle tolkningar av folkemusikken frå Hallingdal og denne konserten er ein del av hennar platesleppturné.