Natt på museet         

 

Hausten er her og vi inviterer til kos og hygge med den beste musikken. Vi varmar opp dei fine stovene på museet som set deg i den rette stemninga.

 

Fredag 20. september blir det konsertar og dans på Valdres Folkemuseum. I år får vi besøk av meisterspelemann frå Telemark, Ottar Kåsa, vinnar av Kongepokalen og fleire Landskappleikar. I tillegg er Ottar ein av våre fremste felemakarar.  -Å «finne seg sjølv» i slåttespelet kan vera vanskeleg og kronglete, men her ligg for meg mykje av meininga i det å vere spelemann, seier Ottar Kåsa. Gjennom å høyre ulike spelemenn vil det som skaper gjenklang i ein sjølv koma fram att i eiga fele, og etterlikning vil etter kvart kunne bli til personleg særpreg. Dette har for meg vore både vegen og målet; å finne ”mitt eige” spel, og den vegen går alltid vidare, seier Ottar. 

 

Oddrun og Gunvor Hegge spelar langeleik i tradisjon i hovudsak etter bestemor si, Guri. Dei byrja båe å spela i ung alder, og lærte direkte av bestemor Guri. Oddrun og Gunvor er viktige tradisjonsbærarar av den unike langeleiktradisjonen i Valdres.

 

Etter konsertane byr Gjevriskaradn opp til dans på Slidrehuset.

Kjell og Sverre vaks opp i Liagardane i Vang, omgjevne av hardingfele- og toradermusikk. Båe er mykje brukte spelemenn og kurshaldarar. Inge er busett på Lillehammer og spelar mellom anna i Jutullaget. No måler han krefter med onklane sine, og vi kan vente oss heftig dansemusikk og godt samspel.

Dette teiknar til å bli ei svært bra Natt på museet!

 

Natt på museet er også ei feiring av dei frivillige på Jørn Hilme-stemnet og Strunkeveko.

Alle som var frivillige på sommarens arrangement har gratis inngang, som ein liten takk for ein svært viktig innsats. Å lage festival er eit puslespel med mange brikker, og alt frå lappesteikarar til sceneriggarar og parkeringsvakter er like viktige! Vi håpar Natt på museet kan gje ei lita kjensle av å få at dei timane ein sto vakt, når ein eigentleg ville svinge seg på dansegolvet. Valdres Folkemusikkarrangement ynskjer alle hjerteleg velkomen.

 

Info:

Inngang: 200,-/gratis for frivillige under Jørn Hilme-stemnet og Strunkeveko.

Når? Mat for frivilligstaben kl. 18.00, konsertane startar kl. 19.00.

Kvar? Slidrehuset, Valdres folkemuseum

 

 

Meir info:

Frank Rolland

Kurs og arrangementsansvarleg

Valdres folkemusikkarrangement AS

post@hilme.no – 90632556

 

Hilme året rundt – www.hilme.no