Vårflaumen spel- og dansarlag

Miljøkveldar i Vårflaumen spel- og dansarlag

Trivsel på museet!

Vårflaumen spel- og dansarlag arrangerer miljøkveldar med spel og dans i festsalen på Valdres folkemuseum ved fleire høve denne våren. Laget arrangerte fleire vellukka miljøkveldar førre haust, og styret no satsar på å vidareføre dette trivselsfremmande tiltaket. Her blir det då mellom anna høve til å leggje seg i hardtrening med tanke på dei beinharde lagdanstevlingane under årets Landskappleik og Jørn Hilme-stemne. 

Så anten om du vil du koma i form, eller om du nøyer deg med trivsel og god stemning, bør du notere deg desse datoane: 

Torsdag 26.03. (19.00-21.00)

Laurdag 25.04 (14.00-16.00)

Torsdag 28.05 (19.00-21.00)

Vel møtt til konsert, dansespel og triveleg samvær!