unknown
unknown

St. Tomaskyrkja på Filefjell, sundag 21. juli

«St. Tomasklokkene» - Synnøve S. Bjørset

«St. Tomasklokkene» blir kalla perla av lyarslåttar og har gjennom generasjonar fått mange ulike utformingar mellom hendene på tallause spelemenn. Slåtten for- tel den dramatiske historia om klokkene i gamle St.Tomas-kyrkja, møteplass for gudelege og ugudelege.

Her på Filefjell får du høyre Synnøve S. Bjørset tolke eld- gamle og litt mindre gamle, korte og litt lengre variantar av denne kjendte slåtten. Ein og annan springar og halling skjerpar sansane ytterlegare.

Bjørset er ein av dagens fremste tolkarar og formidlarar av tradisjonell harding- felemusikk. Soloplata hennar «Slåttar» vart nominert til Spellemannprisen i 2009, og saman med Anne Hytta og Åse Teigland vann ho Folkelarmprisen 2011 for plata «Soli».

St. Tomas-kyrkja, Filefjell // Sundag 21. juli kl. 17.00 // KR 200