Unspecified
Unspecified

Kyrkjekonsertar

«På kyrkjeveg» – Kirsten Bråten Berg

Under årets Jørn Hilme- stemne fyller Kirsten Bråten Berg kyrkjeromma i Hedalen og Tingnes med si kraftfulle og karakteristiske røyst.

 

Kirsten Bråten Berg er ein bauta i norsk folkemusikkmiljø! Med solid forankring i sin heimlege vokaltradisjon, har sørlendingen også kryssa sjangrar og nådd eit nasjonalt publikum. Ho har medverka på ei rekkje plateutgjevingar, tre av dei lønna med Spellemannprisen – blant desse soloalbumet «Min kvedarlund» frå 1993. Sylvsmeden frå Arendal har fått mange utmerkingar oppigjennom, og i 2005 vart ho utnemnd til Riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for sin innsats som kunstnar og kulturformidlar. 

Hedalen Stavkyrkje // Onsdag 24. juli Kl. 19.00

Tingnes Kirke // Torsdag 25.juli Kl. 18.00

KR. 250