youtube-ådne og kenneth2

Ledig stilling som festivalsjef i 100%

Valdres folkemusikkarrangement (VFAS) søkjer etter festivalsjef i 100 % stilling. VFAS arrangerer årleg Jørn Hilme-stemnet og Strunkeveko. Festivalsjefen vil også vera dagleg leiar for selskapet.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegging og gjennomføring av arrangementa

  • Kunstnarleg ansvar, booking og ny-utvikling

  • Budsjettering og økonomistyring

  • Pr og marknadsføring

  • Søknadsskriving, rapportering og kulturpolitisk arbeid

  • Frivillig-organisering

  • Sponsorarbeid

  • Dagleg drift av selskapet og rapportering til styret i VFAS

 

Kvalifikasjonar

  • Relevant arbeidserfaring og/eller utdanning innanfor kulturadministrasjon

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

  • God økonomisk forståing

  • God kjennskap til folkemusikkfeltet og/eller regionen Valdres. 

 

Eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner

  • Initiativrik

  • Sjølvstendig

  • Positiv

  • Strukturert

 

Vi tilbyr

  • 100% stilling

  • Kontor i arbeidsfellesskap i Folkemusikkhuset på Valdres Folkemuseum

  • Eit engasjert folkemusikkmiljø

  • Løn etter avtale

 

For informasjon om arrangementa, sjå www.hilme.no

For spørsmål kring stillinga, kontakt styreleiar Henrik Grøndalen tlf: 906 59 647.

Søknadsfrist 18.09.15

Søknaden sender du til post@hilme.no

Jørn Hilme-logo 161.jpg