stivert

Øystre Slidre arrangerer Valdreskappleik på Tingvang 7. mai

Kappleik på dagen og fest om kvelden!

Valdreskappleiken er lokalkappleik og runddansstemne for Valdres. Kappleiken går på omgang i lokallaga i Valdres, og blir arrangert om våren.
 


Kappleiken har totalt ni ulike klasser. Alle klasser blir delt i junior og senior. I tilegg er det ei felles klasse for alle rekruttar. Kappleiken har ingen eigne gjesteklasser, men ynskjer gjester utanfrå til å delta i dei klassene som finst.
1. Eldre folkemusikkinstrument: langeleik, munnharpe, fløyter, lur, bukkehorn mm.
2. Pardans/ laus: springar/ springleik/ pols, gangar/ bonde, laus/halling
3. Lagdans: springar/ springleik/ pols, gangar/ bonde, laus/halling
4. Hardingfele/ Vanleg fele
5. Samspel: spelemannslag, gamaldansgrupper mm.
6. Toradar/ Trekkspel - solo
7. Vokal - solo
8. Open klasse
9. Runddans/gamaldanstevlinga på kvelden.

Senior: deltakarar f.o.m. det året dei fyller 19 år.
Junior: deltakarar f.o.m. det året dei fyller 12 år t.o.m. det året dei fyller 18 år.
Rekrutt: deltakarar under 12 år (til og med det året dei fyller 11 år).

PROGRAM
10.00 Tevlingskontoret opnar
11.00 – 17.00 Kappleik i alle klassar
17.00 – 19.00 Buskspel, kappleiksquiz og middagspause
19.00 Finalekonsert og premieutdeling
20.00 Fest med gamaldans og bygdedans
22.00 – 22.30 Tevling/kåring av årets gamaldanspar 1000 kr
02.00 Vel heim!

Det blir høve til å kjøpe seg mat og drikke både på dagtid og kveldstid.

FINALEKONSERTMED PENGEPREMIAR Dommarane plukkar ut fire finalistar frå deltakarane om dagen til finalekonsert om kvelden klokka 19.00. Desse tevlar om 2000, 1500, 1000 og 500 kroner. Etter finalekonserten er det premieutdeling.

KÅRING AV ÅRETS BESTE GAMALDANSPAR
Mellom 22.00 og 22.30 kjem dansedomarane til å plukke ut eit par som blir årets gamaldanspar. Dette paret får 1000 kroner og napp i vandrepremien til minne om Ivar Brænd.

FEST Det er sjølvsagt duka for ein heidundrande fest på Tingvang denne kvelden. Valdres Gardsbryggeri serverer lokalt øl og me har sikra oss god dansemusikk. Nedanfor ser du nokre av dei som står for musikken denne kvelden:

Torgeirs" (Tronrud, Bolstad og Beitohaugen)
Sivert Andreas Holmen/ Ole Nilsen/ Jan Beitohaugen Granli/ Kjellbjørn Karsrud/ "/ Valdres Juniorspelemannslag/ Valdreskvelven mfl..

KAPPLEIK All tevling, spel, song, dans, gamaldans solo og grupper føregår i år på dagtidfrå 11.00 – 17.00. Unntaket er kåringa av årets ”Gamaldanspar 2016”som går føre seg klokka 22.00 på kveldstid.

Meir info kjem etterkvart!

Same helga er det ungdomssamling på ungdomsskulen som ligg rett ved Tingvang.
Les meir om den her: www.facebook.com/events/234980236856039/

Recent Post