Olav Øraker fortel 17/6-1993

Eg er fødd i 1917, far var lærar Ola Øraker, mor mi var Randi Grønolen.

Til eg var 6 år budde me i Beito, på eit bruk utskilt frå Nørre Beito. Far var særs spelinteressert og Beitohaugen var ofte hjå oss. Soleis høyrde eg Beitohaugen spela frå eg var 0 - 6 år gamal ! Eg var med i gravferda til Beitohaugen 10 år gamal.

Sidan fekk far lærarjobb i Dale, og me busette oss på skula i Dale. Ungdomslaget "Nordskogingen" var særs aktivt på denne tida, og eg var mykje med å dansa songdans frå 12-13 års alderen. Brita i Huset frå Robølsbygden heldt kurs kvar haust.

Kurs i springar var det aldri, springar lærde eg ved å ta etter, og så hadde eg tre eldre systrer som alle var gode dansarar. Dei tok meg med. Elles var det viktig at ein ikkje var beskjeden. Jenter var det alltid nok av.

Ofte var me på besøk i Grønolen hjå onkel Øystein Grønolen, som budde i bygninga som no står på bygdetunet. Han var ein livleg kar, han tralla halling for Øystein, tvillingbror min, og meg då me var små. Me var gode til å danse halling som smågutar. Øystein, bror min, spelte og fele. I Julehelgen fekk me tak i Beitohaugen, då dansa han store-Øystein Grønolen, onkelen min, i fetsko. Øystein hadde eit syskenborn som heitte Erik Grønolen på Ukshøvd. Han var sprekaste dansaren som har vore i nørre Hegge. Spelemann var oftast Engebret Beitohaugen.

I Dale hadde me ein dansarplass me kalla for "Finnshaugen". Frå den var det utsikt mot midtre Hegge. Me tende eit stort bål der, når me skulle ha dans. Då såg folk at det var dans på "Finnshaugen". Eg hugsar at Andris Karlshaug, Ivar Melby, Øystein og eg måka der om våren så det skulle bli tidleg bert. Dit kom det mykje folk ifrå midtre Hegge, Dale- og Hegge-bygda.

So fekk far arbeid på Heggebø i 1933 eller 34. Me flytte dit og busette oss på skulen. Her var han lærar i 16 år. Eg og Øystein starta på folkehøgskolen på Leira og budde på internatet.

Ein kveld dansa me halling på rommet. Det var ikkje mykje plass, så det vart mest krukedansen. Då kom skulestyrar Nils Asheim og ba oss danse rolegare. Det vart vel for mykje leven. Jørgen Kjøk, som og var hallingdansar, var med då.

I 1934 byrja eg og Øystein på Eidsvoll landsgymnas. Her vart det lite dans, men ein leikarring var det. Men i jolehelga og om sumaren var det dans heime.

Eine syster mi vart gift med lærar Bøye Wangensteen i Vang, (Olav er onkel til vesle-Boye Wangensteen), og kvar jolehelg i tredveåra var me der oppe. Dei var svære til å skipe til fest der. Det gamle nedlagde geiteysteriet, "Geitehuset" som dei kalla det, var festsalen. Her var det kollosalt til springardansing i 30-åra. Norsveen-karane var svære dansarar. Tørgjer Høverstad var ein av dei beste dansespelemennene. Mange på vår alder var og med.

Frå 1938 var eg i Oslo og studerte. Eg hugsar at universitetet vart take av tyskarane hausten 1943. Eg var ferdig med skriftleg og skulle lese til munnleg. Ein dag vart alle, både studentar og lærarar på universitet arresterte. Universitetet var eit motstandsreir, og mange vart frakta til Tyskland. Til alt hell sat eg på hybelen og las. Så fekk eg skaffa meg reisepass heimatt og kom heim til jol i 1943. No vart yrket mitt skogsarbeidar og springdansar.

Under krigen vart det slutt på alle offentlege festar, det vart meir private stuka. Ofte vart hardingfela brukte som musikk i desse mindre laga. Og i krigsåra var det spesielt mykje dansing, særleg 1944-45. Om lag kvar laurdag leigde me ei stove på Vøllo, hjå Jon på Vøllo. Der møtte "alle" i bygda opp: Jørgen Sagahaugen - ein særs god dansespelemann, spelemannsbrørne Olav og Svein Hegge, vesle-Ola Sæli, Sigurd og Tolleiv Robøle, Gudbrand Beito i Haugen, ein grepa god spelemann, han hadde spelet direkte frå Beitohaugen, Olav og Ingvar Daleng, Olav var hjå K.Ø. Rudi og laga feler; det var heilt utroleg så mange spelemenn det var i Heggebygda på den tida.

Her møttest mykje unge folk, men av dei eldre kvinnfolka som var med var mellom anna Berit Vøle, Marit Paulsrud og Ingebjørg Melby. Når du fekk tak i ei av desse, kunne du tillate deg det meste. Dei var rundt dei 70, men betre dansarar fekk du ikkje tak i. Stordansaren var vesle-Ola Sæli på Sundvoll. Han var om lag 65 år den tida me dreiv på Vøllo. Han var liten, lett og spretten. Torgeir Hegge var ein stor svær kar, om lag 55 år og stildansar. Jon på Vøllo, han me leigde av, var og om lag 55 år og særs interessert i dans.

I krigsåra hugsar eg det var ein stor fest oppe i Rolandsgarden, og i 1945 var det ein kollosal fest på Sæle. Heidersgjest var gamle Kristoffer Dælid. Han var stiv i fingrane, og ville ikkje spela. Men etter eit par ponseglas, fekk me han til å låte. Jørgen Sagahaugen skulle stille fela hans, men Kristoffer ville ha ho høgstilt. Gong på gong stilte Jørgen ho opp, men Kristoffer svara "Nei, ho græte!" Dette hendte ein to-tre gonger, men til slutt var ho høg nok.

30-åra var derimot ein dårlegare tid for springaren. Då var det skinnfellmusikken som overtok. Beitingen i Hauge sat og spelte i ein krok og trekkspelaren i den andre. Det var då Beitingen i Hauge kalla trekkspelmusikken for "skinnfell-musikk". Springaren gjekk nærmast ut på 30-talet, men kom tilbake under krigen. Men særleg i dei nørre bygdene vart det dansa mykje springar òg i 30 åra, og Okshovden var fast 17. mai.

Mor mi er frå Grønolen og Mikkjel Beito var ein av forfedrane hennar. Beitobenken i Heggekyrkja vart flytta bakover då kyrkja vart restaurert. Det var Mikkjel som då sa: "Nei, no har beitingadn håle det fått styttare kyrkjeveg!"

Det har vore mange spelemenn i slekta mi. Oldefar min var ein av dei i si tid fåe spelemenn i Hemsedal. Ola Intelhus-Bakko heitte han og han vart gift med dotter til bygdelensmann Svein Jordheim. Men bestefar min kom til Valdres som slåttekar og vart verande her. Ola Jordheim heitte han.

Øystein bror, spelte fele. Han nytta ei fele som Haldor Røyne hadde laga, eg hugsar han lærde Rotnheims-Knut på 2-3 timar på stølen. Han var då 15 år.

Reidar Hamre var god spelemann, han var son til fasyster Berit g.m. Lars Hamre. Han var fast spelemann i Valdreslaget i mange år.

Bestemor til Nils Rogn, Berit Rogn, var svær til å spela. Eg minnest ho var med som rakstejente i Beito. - "Nei, uff", sa ho, "é får so vondt i dessa arme deris." Det var den armen gutane skulle liggje på. Berit var datter til eldste bror til far. Ho hadde og to brør som spelte fele, Ola Øraker, som reiste til Amerika og Olav som var kjøpmann på Vangsnes.

Kristoffer Dælid (1864-1952) dreiv Bygdisheim hotell og var ein framifrå dansespelemann. Han hadde sønene Gudbrand f. 1893 og Andris f. 1903, og dottera Berit f. 1901 som tok over Bygdisheim. Både Gudbrand og Andris var spelemenn. Hausten 1945 var me ein tur på Bygdisheim. Me skulle på jakt ved Sandvatnet og drog innom hjå Kristoffer. Der dansa eg i 2-3 timar med Berit, og det vart siste gongen eg høyrde Kristoffer Dælid spela, 81 år gamal.

Jon Robøle, bror til Kristoffer, hadde Fagerstrand hotell. Han var òg spelemann, - det same var sonen Sigurd J. Robøle.

Då krigen var slutt vart eg konstituert lensmann i Øystre i eit halvt år, så reiste eg til Kristiansund som politifullmektig, så var eg dommarfullmektig i Vesterålen i 2 år. I januar 1948 kom eg til Oslo.

No var eg med på ein del kappleikar, og i 1957 vann eg Landskappleiken på Fagernes. Eg var og med på kappleikar i Lom og på Notodden. Eg fekk til òg med 2. premie i halling på Fagernes i 1957. Det var då lenge sidan nokon valdris hadde dansa halling på kappleik, så eg slengde meg utpå. Eg var ikkje så flink til å spenne opp, men dansen gjekk greitt. Før var ikkje hallingdansen så formalisert som det ein ser idag. Han var mindre av ein turdans. Men Gullik Kirkevoll gjorde eit fantastisk arbeid med å skrive ned hallingen. Og det var då Gullik instruerte Reidar Bakken, Boye Wangensteen og Anders Anmarkrud at valdreshallingen vart redda. I dag finn du valdresforma av hallingdansen over heile austlandet og vel so det. Det er vel berre i Hallingdal og Valdres at den gamle tradisjonen har overlevd. Eg dansa òg halling i lag med Gullik og Halvor Bråten. Gullik var ein stor entusiast og ikkje minst patriot. Han hadde så stor tru på Valdres-dansen. Kirkevoll har stor ære av det arbeidet han la ned.

Eg var med Valdreslaget til Wales, der me vann i ein internasjonal konkurranse. Me hadde ikkje venta å vinne, så på premieutdelinga var me spreidde for alle vindar. Det vart eit stormløp opp på scena. Dei hadde høyrd nyhenda i Noreg òg, så då me kom heim venta dei på oss, og det vart stor fest.

Valdreslaget hadde elles ei mengd oppdrag, mellom anna fleire for Nordmanns-forbundet på "Dronningen.", der me dansa for Kong Olav.

Gullik starta med springarinstruksjon i Oslo frå 1954 og held på til 1970, då eg måtte ta over. Rønnaug Trøen var med heilt frå 1957, og gjorde eit kjempearbeid. Eg heldt kurs fram til 1980. (Danseinstruksjonen var den gongen ikkje løna, og Olav likar heller ikkje betaling for lagsarbeid.)

- Når det gjeld dansen og musikken i Vang, Vestre og Øystre, var det stor forskjell?
Nei, eg vil seia at det ikkje var forskjell. Beitohaugen hadde spel frå Vang, og han hadde lært opp Ukshøvden og Beitingen i Hauge som var heilt sentrale.

- Kva med Røyne-tradisjonen ?
Det var noko forskjell på Beitohaugspelet og Røynespelet, men dette har eg lite greie på. Og når det gjeld dansen fanst det ikkje forskjell. Det var sama musikken og sama dansen i dei øvre bygdene der eg vanka. Men så var det òg mykje samkvem mellom Hørisbygdingane, Dale og Beito.

Eit unnatak er Skjeftes-taket. Det vart ikkje nytta i Øystre Slidre før Haldor Hegge fekk kjerring ifrå Skjefte i Høre.

- Dansen før og no, har det kome mykje nytt ?
Gullik Kirkevoll brukte mange variasjonar som var lite i bruk. Og eg tykkjer han brukte meir dansing bakover enn det som var vanleg.

- Du må seia litt meir om godkarstykker i dansen. Var det til dømes vanleg å slå stift framover?
Nei, det såg eg aldri ibruk og stogone var nok for trange. Men det har blitt meg fortalt om Nils på Tørto, den sprekaste dansaren i Beito. Han dansa på sengestølpane og på komfyren. Men eingong ramla han overskrevs ned på stolpen. Då vart han roleg etterpå.

Når stogo var full av folk var det ikkje godt å nytta skjeftes-taket eller å gjera så mange sprell. Dette forma dansen.

Då eg seinare kom til Oslo og dansa på Bygdøy, brukte eg ofte eit kast på slutten av rundsnuen. Då passa eg på å lande på ein benk som sto ved veggen. Dette var populært hjå turistane.

- Men kastet var i bruk i Øystre frå gamalt ?
Nei -, eg kan ikkje hugse å ha sett det.

- Var det dans på stølane i di tid ?
Kun då Bjelbølen reiste ei stor hytte. Då kom det tre karar frå Hørisbygden og sette opp huset. Då vart det ordna til dans. Men elles hugsar eg ikkje dans.

- Du har dansa bonde ?
Ja, eg har òg halde kurs i bonde, men då etter oppskrifta til Underdal. Det var ein stille og verdig dans. Eg har no nyleg sett Gudheim har dansa.

- Har rundssnuen endra seg ?
Knut i Brøta brukte ikkje å markere med venstre foten i rundsnuen. Dei andre hugsar eg ikkje. Andris Dahle, far til spelemannen, hadde ein heilt spesiell rundsnu. Han gjorde eit slags hopp rundt, som eg hugsar godt. Han tok sats, kom ned på båe føtene og gjekk direkte over att. Han var ein spretten og god dansar.

- Korleis dansa dei bakover?
Eg har nytta foten mykje framover med eit lite sleng. Så eg hadde tyngda bakover, men eg trur det var meir vanleg å sette foten bak.

- Kva for steg brukte jentene?
Dei gamle kvinnfolka brukte ikkje bytt om fot steget. Eg hugsar når me dansa på Vøllo at dei gamle gjekk meir, f.eks ho Berit Vøle. Det var meir flyt i dansen og dei gjekk heilt stilt. Karane brukte bytt om fot steg, men dei brukte òg sviktsteget.

********** ********** ********** **********

Me prata òg litt om danseopptak, og Olav meinte at opptaka ofte ikkje vart så bra. Det vart ofte for få dansar, så dansen vart stiv og lite vellukka.

Elles synest han dei er særs flinke i Øystre Slidre no, og kunne godt tenkje seg ein fest der. Mellom ungdommen trakk han fram jentene, og meinte dei var særleg gode til å danse.

Han har den siste tida prøvd å plukke opp att den dansen han dansa i ungdommen i Øystre Slidre, og trur no han har den forma han nytta i Øystre Slidre i 30 åra. Olav dansa i år (1993) for Valdreslaget på Landskappleiken, der me tok ein 5. plass, delt me hallingdansarane frå same lag.

***************************************************

No har eg prata endå meir med Olav, og han vart fortalt av Gullik Kirkevoll om vesle Ola Sælid på Sundvoll, som spende bjelkane i springaren. Han tok spennet før han kasta armen over i den store sveipen. Det var noko til spreking. Men då dei dansa under krigen var Ola for gamal, men stordansar var han framleis.

Då eg spurde Olav om det var noko meir han ynskte å rette på i teksten, sa han:

"E får seia som han Tor Jonsson, som fekk beskjed om å lesa høgare då han hadde høgtlesing i BUL: Det er ikkje så nøye"

Han Embert på Jordet sa når han såg gode dansarar: "Han dansa nok gødt, men han dansa ikkje fulle so gødt ette låtte, han som é." Embert låg sjølv litt etter låtten.

Olav Øraker har vore formann i Valdreslaget i to-tre år, kasserar i ei årrekkje og ei av drivkreftene i laget i alle år. Han sat og som styreformann i Valdresheimen i 12 år. Sjølvsagt er han æresmedlem i laget.

Han er fødd og oppvaksen i Øystre Slidre, men har vore busett i Oslo sidan 1949. Oppveksen hugsar han godt, og me hadde ei triveleg tid i lag når han fortalde.