|
tirsdag 15. januar 2008 |
|
Skotårsseminar på Valdres Folkemuseum
Valdres folkemusikklag i samarbeid med Valdres folkemusikkarkiv/ Valdresmusea byr inn til kurs/seminar med Ruth Wilhelmine Meyer og Steinar Ofsdal 29. februar – 02. mars 2008.
|
|
Les mer...
|
|
|
mandag 07. januar 2008 |
|
 Foto: Setesdalsmuseet Rammeslag - sterkt slåttespel på Folkemusikkscena i Valdres
På Folkemusikkscena i Valdres, er det litt Jørn Hilme-stemne heile året! Fyrste gongen i år, Rammeslag; rotekte og uforfalska setesdalsspel, med Daniel Sandèn-Warg (feler) og Sigurd Brokke (munnharpe) på Fagelund Hotell, Fagernes, torsdag 24. januar kl. 20.00. Inngang kr. 100,-/kr. 70,-
|
|
Les mer...
|
|
|
mandag 07. januar 2008 |
|
Meld deg på UNGDOMMENS KULTURMØNSTRING 2008!
UKM 2008 går av stabelen laurdag 16. februar i Kulturhuset på Fagernes. Det deltok over 70 ungdommar på kulturmønstringa i fjor. 64 av dei stod på scena, 4 deltok på kunstutstillinga og 8 hadde laga video. Det er imponerande. Medan vi hadde seks rockeband, fem dansegrupper og ni ulike instrumental- og songinnslag, var berre to av desse innanfor folkemusikk-sjangeren. Dette håper vi du kan gjere noko med! Vi veit at det finst mange dyktige, unge folkemusikkutøvarar i Valdres – meld deg på Ungdommens Kulturmønstring i DAG!
|
|
Les mer...
|
|
|
onsdag 02. januar 2008 |
|
 Foto: Silje Onstad Hålien Informasjonshelg/seminar i opplæring av folkedanstradisjonar frå Oppland
Lea de – Bygda dansar i Oppland inviterer alle interesserte til informasjonsmøte/seminar om prosjektet laurdag 12. og sundag 13. januar på Lillehammer vidaregåande skule. De får også sjå spennande film-materiale, delta i praktiske demonstrasjonar, diskusjonar og folkemusikkpøbb.
|
|
Les mer...
|
|
|
søndag 16. desember 2007 |
|
Auka støtte til Karlberg og Røine
Marit Karlberg og Anders Røine fekk auka støtte frå ensemblestøtta til Norsk kulturråd, frå 50 000 kroner i 2007 til 75 000 kroner i 2008.
Tilskota til musikkensemble skal bidra til utviklingen i musikklivet utanfor institusjonene, og gje grunnlag for å drive grupper og ensemble på høgt og profesjonelt nivå.
For fullstendig liste, sjå nettsidene til Norsk kulturråd her
|
|
|
lørdag 15. desember 2007 |
|
700 000 til Jørn Hilme-stemnet
Jubelen stod i taket då det torsdag vart kunngjort at Norsk Kulturråd løyver 700 000 kroner til Jørn Hilme-stemnet for 2008. Folkemusikkfestivalen på Fagernes har fått auka løyvingar kvart år etter at dei kom med i festivalstøtteordninga i 2001. No aukar Kulturrådet støtta med heile 300 000 kroner i høve til 2007. Jørn Hilme-stemnet er den festivalen i landet som får størst auke i løyvingane.
Les meir på nettsidene til Jørn Hilme-stemnet her
|
|
|
torsdag 13. desember 2007 |
Nyttårsfest i Valdres
Tradisjonen tru skipar Øystre Slidre spel- og dansarlag til storstilt låvefest på bygdatunet i Heggenes. Arrangøren lovar danselæte heile natta, og langt ut i det nye året.
Postkort lånt ut av Nils Rogn
|
|
Les mer...
|
|
|
torsdag 29. november 2007 |
|
Kurs i praktisk bruk av lydutstyr
Valdres folkemusikklag arrangerer kurs i bruk av lydutstyret til folkemusikklaget måndag 10.12 og torsdag 13.12, begge kveldar kl 18.30-22.00.
|
|
Les mer...
|
|
|
fredag 23. november 2007 |
|
250 000 kroner delt ut i produksjonsstøtte
Tildelinga av prosjektmidlar til folkemusikk i Valdres for 2008 er no klar. Det kom inn 12 søknader på til saman 457 000 kroner og ramma vart fordelt til ti produksjonar med utbetaling i februar 2008. Hovudmålet med ordninga er å bidra til å sikre rekruttering til folkemusikken i Valdres, og tiltak retta mot born og unge blir prioritert. Det skal leggjast vekt på mangfald og kvalitet. Det er og mogleg å søke om midlar til produksjonar retta mot reiseliv og andre målgrupper.
Les meir
|
|
|
søndag 11. november 2007 |
Plateslepp med Oscar Hamry, konsert, dans og rakfisk i Vestre Slidre
Tidleg på 1900-talet utvandra spelemannen Ola Reishagen frå Vestre Slidre til Minnesota. Der borte møtte han mellom anna Smedalsbrørne og Gunnleik Smedal, og spelte mykje i lag med dei. Han skifta også namn, til Oscar Hamry. Laurdag 1. desember blir det stort plateslepp, konsert og rakfiskfest på Kvamshall i Vestre Slidre!
|
|
Les mer...
|
|
|
torsdag 01. november 2007 |
|
Valdres folkemusikklag søkjer informasjonsmedarbeidar
Vfl søkjer informasjonsansvarleg i 40% stilling frå og med 01.01.08. Det kan bli mulegheit for å utvide stillinga.
Arbeidsoppgåver vil vera marknadsføring av organisasjonen og arrangementa, i hovudsak Jørn Hilme-stemnet og Strunkeveko, og vidareutvikling av samarbeid med reiseliv og næringsliv i regionen.
Søknadsfrist 15.11.2007
|
|
Les mer...
|
|
|
onsdag 31. oktober 2007 |
|
31. oktober 2007
Yngretreff i Skrautvål
Det er tid for haustens Yngretreff. Laurdag 10. november kl. 10.30 er det full fart med halling, langeleik, song, toradar og hardingfele i Skrautvål skule.
|
|
Les mer...
|
|
|
onsdag 17. oktober 2007 |
|
17. oktober 2007
Dei lea se, ungdommane i Lea de
I helga var fyrste samling for Lea de, Bygda dansar i Oppland. 20 ungdommar frå Valdres og elles i Oppland møttest til ei intensiv øvingshelg på Vinstra vidaregåande skule.
Ådne Kolbjørnshus i svevet
Foto: Silje Onstad Hålien
|
|
Les mer...
|
|
|
torsdag 11. oktober 2007 |
|
11. oktober 2007
GROVASTE SPELEMENNENE VESTPÅ
Konsert med Håkon Høgemo, Frank Rolland og Synnøve S. Bjørset. Fredag 19. oktober kl 20.00 på Fagerlund Hotell, Fagernes.
Inngang kr. 100,-/kr. 70,-
|
|
Les mer...
|
|
|
tirsdag 02. oktober 2007 |
|
01.oktober 2007
Årets folkemusikkartist 2007
Valdres eigen Hallgrim Hansegård vart i helga kåra til årets folkemusikkartist 2007 på Folkelarm mellom anna for sjangerovergripande og nyskapande arbeid med hallingdansen.
Foto: Knut Lerhol
|
|
Les mer...
|
|