|
Vestre Slidre folkemusikk- og danselag
Styreleiar:
Randi Før, leiar 2966 Slidre tlf. 61 34 42 10 / 915 77 695 /
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.
Vestre Slidre folkemusikk- og danselag (VSFD) har som føremål å samle spelemenn, songarar, dansarar og andre interesserte for å dyrke og ta vare på dei lokale tradisjonane i spel, song og dans, - med prioritering av dei eldste formene.
Laget skal skipe til samkomer med spel, dans og song, drive opplæringsarbeid og ta opp spørsmål som kan fremje folkemusikk-og dansearbeid.
Laget har gode utøvarar og god rekruttering både i dans og spel.
Laget held kurs i Valdresspringar to gonger i året og har faste danseøvingar kvar 14. dag. Aktivitetane føregår på kafeen i Kulturhuset. Laura Ellestad frå Canada, no busett i Vestre Slidre, er medlem i laget og spelkvinne. Engebret Ringen hjelper til når Laura er oppteken andre stader.
VSDF planlegg tur til Calgary i veke 37. Avreise laurdag 11.9 og retur måndag 20.9. Me skal vitje eit folkedanslag der foreldra til Laura er aktive, det blir kursverksemd og eit par konsertar i og utanfor Calgary. Privat innkvartering. Ein satsar på ei gruppe med utøvarar i dans og spel. I tillegg inviterer me alle som måtte ha lyst til å bli med på turen for opplevinga si skuld. Reiseutgiftene vil dreie seg om kr 6-7000. VSFD ynskjer at dei som blir med på turen er medlemer i laget. Folkemusikklaget subsidierer turen med kr 10.000.
Om du har lyst til å bli med kan du gje beskjed innan 15. april til Kjell Bakken tlf. 91371993 eller på
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.
alternativt Randi Før tlf. 91577695 eller på
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.
Merk elles programmet for våren:
Kurs i Bonde med Helge Gudheim 14.4. Kafeen kl. 19.00 – 21.00.
Danseøvingar: 14.4. - 28.4. – 12.5. – 26.5. – 9.6. Kafeen kl. 19.00-21.00.
Valdreskappleik 10. april på Åsvang.
Gamaldanskurs i Røn 20.4. og 22.4. Kl. 19.00 – 20.30 båe kveldar. Annonse seinare.
Ser gjerne at endå fleire finn vegen til Folkemusikklaget. Velkomne!
Aktivitetar hausten 2008:
Oktober
25. Folkepub på Ølken, kl. 20.00
- Slidringane og Kjellbjørn Karsrud syter for godt danselæte
27. Springarøving, kulturhuset i Vestre Slidre, kl. 20.00-21.30
- Møtestad i kulturhuset. Røynde og urøynde er hjarteleg velkomne.
Instruksjon om nokon ynskjer det.
November
10. Springarøving, kulturhuset i Vestre Slidre, kl. 20.00-21.30
- Møtestad i kulturhuset. Røynde og urøynde er hjarteleg velkomne.
Instruksjon om nokon ynskjer det.
24. Springarøving, kulturhuset i Vestre Slidre, kl. 19.00-21.30
- Me ser på gamle filmopptak me springar frå Valdres
- Møtestad i kulturhuset. Røynde og urøynde er hjarteleg velkomne.
Instruksjon om nokon ynskjer det.
29. Rakfiskfest/kulturkveld på Kvamshall laurdag 29.11. kl. 19.00
- Helge Myrheim og Tom Kjetil Tørstad m. fl.
- Inngang kr 175,-
KULTURKVELD – RAKFISKFEST PÅ KVAMSHALL
Vestre Slidre Folkemusikk- og danselag stiller som vanleg med solide utøvarar på den årlege rakfiskfesten på Kvamshall. Helge Myrheim og Tom Kjetil Tørstad er sterke namn. Tilskipinga skjer laurdag 29. november.
Helge Myrheim er utflytt skrautvålsbygding, men sterk tradisjonsberar av lokalmusikken og lokalkulturen. Kjend for dei fleste valdrisar med interesse for folkemusikk og folkekultur. Han er framifrå spelemann på fleire instrument, er instrumentmakar, handverkar og tusenkunstnar. Helge Myrheim er fagmann og perfeksjonist utanom det vanlege.
I 2006 gav han og sambuaren Gro Randen ut dobbelcd’en I laussnøe. Knut Steinsrud helsar utgjevinga på denne måten: ”Helge har eit variert spel i fri form og farge. Dansespelet er eggjande med god rytme og takt. Det er slik dansarane vil ha det.” Eit skussmål å ta med seg frå ein meisterdansar! Det er all grunn til å gled seg til møtet med Helge Myrheim.
Alle valdrisar med sans for toraderspel kjenner til Tom Kjetil Tørstad. Han vaks opp i Hørisbygda, er busett i Ryfoss, og byrja spela torader i musikkskulen i Vang, tolv år gamal. Øystein Nicolaisen kom etter kvart inn som læremeister. Tom Kjetil vart raskt ein dugande toraderspelar. Han har mange bragder å vise til: Fire gonger vinnar av Titanofestivalen, fire gonger vinnar av Landsfestivalen og vinnar av durspelklassa på Landskappleiken på Røros i 2005. Det går framleis gjetord om spelet hans på Røros. Kongepokal er på plass i hylla.
Det blir garantert eggjande gamaldansmusikk.
Aktivitetar våren 2008:
Danseøving annankvar onsdag på Kvamshall. Sivert Holmen spelar for oss.
Danseøvingane på Kvamshall held fram desse onsdagane kl. 19.30:
9. april
23. april
7. mai
21.mai
Alle danseinteresserte blir oppmoda om å møte fram til dans og hyggje. Me prøver å stille på Valdreskappleiken i Øystre Slidre 10. mai både i spel og dans, med lag og individuell deltaking.
Aktivitetar hausten 2007:
Onsdag 10. oktober kl. 19.30: Springarøving på Kvamshall.
Onsdag 24. oktober kl. 19.30: Springarøving på Kvamshall.
Onsdag 07. november kl. 19.30: Springarøving på Kvamshall.
Onsdag 21. november kl. 19.30: Springarøving på Kvamshall.
Laurdag 01. desember: Rakfisklag og plateslepp på Kvamshall:
Plateslepp med Oscar Hamry, konsert, dans og rakfisk i Vestre Slidre
Tidleg på 1900-talet utvandra spelemannen Ola Reishagen frå Vestre Slidre til Minnesota. Der borte møtte han mellom anna Smedalsbrørne og Gunnleik Smedal, og spelte mykje i lag med dei. Han skifta også namn, til Oscar Hamry. Laurdag 1. desember blir det stort plateslepp, konsert og rakfiskfest på Kvamshall i Vestre Slidre!
I 1939-1940 vart det gjort private opptak med Hamry, og det vart også gjort eit lite stumfilmopptak der han spelte til dans for utvandra valdrisar. Desse opptaka kjem no ut på CD.
Det blir konsert mellom anna med Synnøve Bjørset og valdrisar, og etter konserten blir det både rakfiskservering og springardans etter spelemennene / gamaldans etter ei gruppe med Tom Kjetil Tørstad i spissen.
Stad: Kvamshall i Vestre Slidre.
Inngang kr.:
Aktivitetar våren 2007:
Onsdag 11. april kl. 19.30: Springarøving på Kvamshall.
Laurdag 21. april kl. 20.30: Folkepub på Fosheim.
Onsdag 25. april kl. 20.30: Springarøving på Kvamshall.
Onsdag 9. mai kl. 20.30: Springarøving på Kvamshall.
Laurdag 12. mai : Stor kulturkveld på Kvamshall i høve 100 år sidan Knut Snortheim vart fødd.
Onsdag 23. mai kl. 19.30: Springarøving på Kvamshall.
Onsdag 6. juni kl. 19.30: Springarøving på Kvamshall.
Onsdag 20. juni kl. 19.30. Springarøving på Kvamshall.
KULTURKVELD PÅ KVAMSHALL
I år er det 100 år sidan Knut Snortheim vart fødd. Dette vil Vestre Slidre Folkemusikk- og Danselag markere med kulturkveld på Kvamshall, laurdag 12. mai. Knut Snortheim var ein allsidig kulturhøvding. Han var tradisjonsberar av folkemusikk, han var rosemålar og instrumentmakar. Mange er dei som lærde sløyd og folkeviseleik av han. Me ynskjer å presentere dei ulike sidene hans denne kvelden. Håkon Asheim, Tellef Kvifte, Elisabeth Kværne, Gunnar Kværne Amundsen og Gro Arneng vil stå for det musikalske. I tillegg vil langeleikjentene i kulturskulen bidra. Eli Sælid fortel om Knut Snortheim som rosemålar. Det blir utstilling av instrument og møblar han har laga og måla, og ein vonar å få tak i bilete.
Etterpå blir det dans.
Vel møtt til alle!
|