| |
|
|
| |
Valdreskappleik i Vang
Laurdag 10. april blir
Valdreskappleiken 2010 arrangert på Åsvang i Vang. Det er
Valdreskvelven spel- og dansarlag som står for kappleiken, som er ei
tevling i folkemusikk og runddansmusikk med tilhøyrande dans.
Kappleiken plar samle unge og eldre utøvar frå heile Valdres, og i blant kjem det også tilreisande for å måle seg med valdresspelemenn og –dansarar. Det blir tevla i sju klassar, og deltakarane blir delte inn i rekruttar (under 12 år), juniorar (12-18 år) og seniorar. Klassane ein kan stille i er eldre folkemusikkinstrument (langeleik, munnharpe, fløyter, lur, bukkehorn), spel (hardingfele og vanleg fele), samspel/gruppe, torader/trekkspel, vokal, open klasse og dans (springar/springleik, gangar/bonde, laus/halling, lagdans og runddans).
Fest med finalekonsert
Det meste av kappleiken går på dagtid medan kvelden er tid for konsert, premieutdeling og dans etter mange orkester og spelemenn. Men litt tevling er lagt til kveldstid, for då skal den beste prestasjonen totalt kårast. Klassevinnarane frå dagkappleiken møtest til ein finalekonsert der dommarane har i oppgåve å finne den eller dei som totalt sett har den beste framføringa. Årets runddanspar skal også kårast under dansefesten. Her kan alle runddansglade slenge seg med meir eller mindre på sparket.
Samarbeid med Vinjerock
Med Valdreskappleik i Vang meiner arrangørane at eit samarbeid med Vinjerock kunne høve. Og det tende vinjerockarane umiddelbart på. Difor kan beste junior på Valdreskappleiken reise heim med ein gratisbillett til årets Vinjerock i lomma. Og ikkje mindre blir bonusen for vinnar av finalekonserten. Vinjerock brukar å avslutte festivalen med folkemusikk på scena Vesle Vinje. I år vil sigrande finalevinnar på Valdreskappleiken få dette oppdraget. Det bør difor ligge an til ein hard kamp om bestemannspremien.
Påmelding
Kappleiksleiar Kari Hagaseth oppmodar alle folkemusikarar og – dansarar om å merke seg tidspunktet for kappleiken, og gjerne melder seg på så fort som råd. – Bruk nettadressa www.paamelding.folkemusikk.no, seier ho. Skulle nokon få hug til å delta på sparket, opnar ho for påmelding heilt fram til kappleiksstart laurdag 10. april. – Bli med og lag ein minnerik kappleik, anten som deltakar enn publikum, avsluttar ho.
Bildetekst:
Ein del av staben som skal arrangere Valdreskappleiken 2010. Framme frå venstre Sigrid S. Eggen (mat), Ivar Hemsing (lyd, scene, dansemusikk), Kari Hagaseth (leiar). Bak Ingrid Skavhaug (pynting/rydding) og Frode Rolandsgard (premiar).
|
|
|
|
| |
SAGT:
Kouame Sereba: Til oss afrikanere blir det sagt at vi har rytmen i blodet. Det er bare tull. Jeg sier bare: Dra til Valdres!
(Etter å ha sett Hallgrim Hansegård og valdrisar på Førdefestivalen i 2005)
Olav Øraker: Det har blitt meg fortalt om Nils på Tørto, den sprekaste dansaren i Beito. Han dansa på sengestølpane og på komfyren. Men eingong ramla han overskrevs ned på stolpen. Då vart han roleg etterpå.
Han Embert på Jordet sa når han såg gode dansarar: "Han dansa nok gødt, men han dansa ikkje fulle so gødt ette låtte, han som é." Embert låg sjølv litt etter låtten. (fortalde Olav Øraker)
|
|
|
|