600 000 til Austnorsk folkemusikksenter
Oppland fylkeskommune har løyvd 600 000 kroner til drift av Austnorsk folkemusikksenter, over ei treårsperiode. I tilsegnsbrevet frå Oppland fylkeskommune heiter det at folkemusikksenteret, gjennom si deltaking i Rytmisk kompetansenettverk for Austlandet (saman med Østnorsk jazzsenter og Delta Øst) og arbeid med festivalar, produksjonar og profilerte musikarar, har betydeleg kompetanse og gjennomslagkraft, både regionalt og nasjonalt.
Fylkeskommunen har elles lagt vekt på samarbeidet med musikkaktørar i
andre musikksjangrar.
Valdres Natur- og Kulturpark er òg ein viktig samarbeidspart. I 2009
mottok folkemusikksenteret 150 000 kroner i tilskott frå natur- og
kulturparken. For 2010 har Valdres Natur- og Kulturpark løyvd 300 000
kroner i tilskott. Som ein av tre aktørar i Rytmisk kompetansenettverk
for Austlandet har Austnorsk folkemusikksenter søkt Kulturdepartementet
om 1,2 millionar kroner, til arbeid med ulike kompetansehevingstiltak.
Svar på søknaden kjem våren 2010.
Bakgrunn Austnorsk folkemusikksenter vart stifta 30. oktober i 2009.
Folkemusikksenteret er etablert som ei medlemsforeining for utøvarar
innafor sjangrane folkemusikk, jazz og rock. Bakgrunnen for etableringa
er eit ynske om å styrke rammene og å heve kompetansen for profesjonelle
musikarar og arrangørar innafor det rytmiske musikkfeltet. Bente
Hemsing frå Aurdal er tilsett som dagleg leiar for senteret. Kontorplass
er Valdres Folkemuseum.
Valdresdominert styre
I styret for Austnorsk folkemusikksenter sit Ole Aastad Bråten,
styreleiar, Randi Skeie, nestleiar, Eirik Høyme Rogn, styremedlem, Frode
Rolandsgard, styremedlem og Camilla Granlien, styremedlem.
Varamedlemmer er Ellen Persvold, Erling Lae og Arne Moslåtten.
/ Pressemelding frå austnorsk folkemusikksenter
|