
Austnorsk folkemusikksenter er i gang
Etter to år i støypeskeia er Austnorsk folkemusikksenter i gang. Under stiftingsmøtet 30. oktober vedtok Valdresmusea, Valdres folkemusikkarrangement og Valdres folkemusikklag å etablere ei medlemsforeining for utøvarar innafor sjangrane folkemusikk, jazz og rock på Austlandet.
Bakgrunnen er eit ynske om å styrke rammene og å heve kompetansen for
profesjonelle musikarar og arrangørar innafor det rytmiske
musikkfeltet. Bente Hemsing frå Aurdal er tilsatt som dagleg leiar for
det nye senteret. Kontorplass er Valdres Folkemuseum. Austnorsk
folkemusikksenter skal arbeide med kompetansehevingstiltak, særleg
knytt til virkeområda arrangement, kurs, festivalarbeid, produksjon og
produsentoppgåver. Kompetansemiljøet i Valdres har kunnskap og lang
erfaring med slikt arbeid. Folkemusikk- og folkedanssektoren i Valdres
representerer til dømes den største samlinga ressurspersonar i heile
landet.
Austnorsk folkemusikksenter bygger elles på kompetansemiljøa
ved Valdres Natur- og Kulturpark, Jørn Hilme-stemnet, Valdres
Sommersymfoni og Vinjerock. Onsdag 18. november vart det nye styret
samla til møte på Maihaugen på Lillehammer. På dagsorden var mellom
anna arbeidsplan, budsjett, søknadsskriving, og signering av ei
samarbeidsavtale med Rytmisk kompetansenettverk for Austlandet. Det er
denne strukturen som no søkjer Kulturdepartementet om statleg tilskott
til drift av dei tre kompetansesentra. Dei tre kompetansesentra er, i
tillegg til Austnorsk folkemusikksenter, Østnorsk jazzsenter i Oslo og
Delta Øst, eit pop- og rocksenter på Lillestrøm. Valdres Natur- og
Kulturpark og Oppland fylkeskommune er viktige støttespelarar i
arbeidet.
Styret i Austnorsk folkemusikksenter er Ole Aastad Bråten -
styreleiar, nestleiar Randi Skeie, styremedlemmer Eirik Høyme Rogn,
Frode Rolandsgard og Camilla Granlien.
Varamedlemmer er Ellen Persvold, Erling Lae og Arne Moslåtten.
|