Kurs i bonde, konsert m/Helge Myrheim og dans
Laurdag 14. november. Kurs i bonde. - Den sensuelle dansen...
Vårflaumen har lyst til å slå eit slag for bonden, eller bondedansen for ikkje å forveksle med ei minkande yrkesgruppe i primærnæringa.
Ynskjer du å friske oppatt taka eller vil lære frå basis, så er Solabu staden kl. 11.00. Helge Gudheim som har studert kjeldemateriellet grundig og teke oppatt dansen, skal leie kurset.
Kursavgift pr. deltakar er kr. 100.- som inkluderar undervisning og eit
enkelt måltid. Og det er berre å møte opp utan påmelding. Har du
spørsmål vedr. kurset, så er det berre å ta kontakt med Unni Myrheim,
tlf. 61161276 / 97090012 (kveld)
Konsert med Helge Myrheim kl. 19.30
Helge har dei seinare åra budd i Hallingdal, og det er mange som gledar
seg over å høyre spelet hans att på heimebane!
Det blir dans til torader v/ brørne Kjøbli, og Vårflaumen sine
felespelemenn.
Inngang kr. 80.- Kaffi, brus og kaker.
Set av både dag og kveld til triveleg samver på Solabu i Ulnes!
Vårflaumen ynskjer hjarteleg velkomne!
|