Framsida
Om laget
Lokallag
Valdreskappleiken
Folkemusikkhuset
Kurs
Låt o´ link
Tradisjon
Folkemusikkscena
Kappleikar
Søkje tilskot
Primstaven
Lenker
Kontakt




 
 
ta75-150.jpgTo feler – ein konsert
Sundag 8. november blir det konsert med felespelarane Aslak O. Brimi og Erlend Viken. Brimi og Vikenbyr på ein konsert med drivande godt samspel der feletradisjonen frå Gudbrandsdalen møter feletradisjonen frå Oppdal. Begge utøvarane er solide musikarar med ein rekkje sigrar og prisar. Cd-en deira, Duo, fekk seinast i haust ein pris under årets FolkeLarm. Høyr smakebitar frå cd-en: www.myspace.com/feleduo
 
Konserten er sundag 8. november kl 19.30 på Fagerlund Hotell, Fagernes.
Pris vaksne kr 150,- / skuleungdom kr 80,-

 
Brimi og Viken har spelt i saman i fleire år, fyrst i meir uhøgtidelege samkome seinare meir målretta fram mot cd-utgjeving. Konserten vil i all hovudsak innehalde samspel mellom desse dyktige musikarane. Om denne samspelforma uttalar Sigrid Moldestad seg slik i ei pressemelding frå plateselskapet Talik:

Samspel med to feler er for mange spelemenn den optimale samspelforma. Det er som ein samtale. Den eine spør, den andre svarar, eggar kvarandre opp, roar seg, kranglar, trøystar og skrattar høgt saman. Møter i klangane, som ei forelsking, som ein dans ein ikkje vil skal ta slutt. Det er ein fortrulig leik som krev årvakne øyrer og nysgjerrig ope sinn. Det er respekt og tillit. Erlend Viken og Aslak O. Brimi leikar godt saman - du høyrer nesten kor dei smiler av krafta frå kvarandres feler, du kjenner kor dynamikken bølgjer frå bogedrag til bogedrag. Erlend som den leikande stemmespeleren, Aslak med personlige variantar som i møtet får ekstra kraft. Som lyttar vert du ei floge på veggen som tek del i deira private feststund. Det er samspel med avtrykk frå gamal og ny tid. Det er historier som er blåkledde, gåtefulle eller berre lugume. Det er spelemannsliv. Det er det urgamle møtet mellom menn frå to dalføre.



Då er det berre å ynskje alle vel møtt til Fagerlund, til ein konsert, to feler og to dyktige spelemenn!

 

 
 

SAMARBEIDSPARTNARAR:

 

VALDRESMUSEA AS

sb1_valdres_rgb.jpg
 
valdres_skjerper
 


SAGT:

Kouame Sereba: Til oss afrikanere blir det sagt at vi har rytmen i blodet. Det er bare tull. Jeg sier bare: Dra til Valdres!
(Etter å ha sett Hallgrim Hansegård og valdrisar på Førdefestivalen i 2005)



Olav Øraker: Det har blitt meg fortalt om Nils på Tørto, den sprekaste dansaren i Beito. Han dansa på sengestølpane og på komfyren. Men eingong ramla han overskrevs ned på stolpen. Då vart han roleg etterpå.



Han Embert på Jordet sa når han såg gode dansarar: "Han dansa nok gødt, men han dansa ikkje fulle so gødt ette låtte, han som é." Embert låg sjølv litt etter låtten. (fortalde Olav Øraker) 





 
         
Copyright ©Valdres folkemusikklag