Framsida
Om laget
Lokallag
Valdreskappleiken
Folkemusikkhuset
Kurs
Låt o´ link
Tradisjon
Folkemusikkscena
Kappleikar
Søkje tilskot
Primstaven
Lenker
Kontakt




 
 
triakel.jpgDugnadsfest og konsert på Solabu!
Valdres folkemusikkarrangement as og Valdres folkemusikklag ynkjer å takke for den store og gode insatsen frå alle som jobba frivilig under Jørn Hilme-stemnet og Strunkeveko i sommar. Fredag 23. oktober kl. 19.30 blir det dugnadsfest på Solabu i Ulnes, og dette arrangementet er sjølvsagt gratis for alle dugnadsarbeidarar!
 Konserten er med den svenske folkemusikkgruppa Triakel. Triakel består av Emma Härdeling (song), Kjell-Erik Eriksson (fele) og Janne Strömstedt (trøorgel) og gruppa har vitja Noreg fleire gonger. Denne gongen er det Solabu i Ulnes som får besøk. Gruppa har gjeve ut fire cdar og har eit repertoar som spenner frå dei varaste salmetoner til slåttespel. Her vil me møte tonar som varmar i haustkvelden.

Etter konserten blir det høve til å svinge seg til drivande dansemusikk. Jan Beitohaugen Granli, ungdommar frå Lea de, m.fl. spelar til dans og det vil bli høve til å kjøpe seg kaffe og kake.
Konserten og dansen er også ope for andre interesserte og det blir billettsal i døra.

Konserten kostar 150 kr for vaksne og 75 kr for skuleungdom. Born under 12 år går gratis.

Velkomne til dugnadsfest og konsert på Solabu!
Arr: Valdres folkemusikkarrangement og Valdres folkemusikklag
 

 
 

SAMARBEIDSPARTNARAR:

 

VALDRESMUSEA AS

sb1_valdres_rgb.jpg
 
valdres_skjerper
 


SAGT:

Kouame Sereba: Til oss afrikanere blir det sagt at vi har rytmen i blodet. Det er bare tull. Jeg sier bare: Dra til Valdres!
(Etter å ha sett Hallgrim Hansegård og valdrisar på Førdefestivalen i 2005)



Olav Øraker: Det har blitt meg fortalt om Nils på Tørto, den sprekaste dansaren i Beito. Han dansa på sengestølpane og på komfyren. Men eingong ramla han overskrevs ned på stolpen. Då vart han roleg etterpå.



Han Embert på Jordet sa når han såg gode dansarar: "Han dansa nok gødt, men han dansa ikkje fulle so gødt ette låtte, han som é." Embert låg sjølv litt etter låtten. (fortalde Olav Øraker) 





 
         
Copyright ©Valdres folkemusikklag