Konsert og dansefest på Solabu.
Knut Hamre, Anders Bjernulf og Arto Järvelä er av dei fremste spelemennene i heimlanda, Noreg, Sverige og Finland. Fredag 27.mars kl 20.00 speler dei saman i gruppa Trio NOR for Valdrisen på Solabu i Ulnes.
Inngang: vaksne kr 150,- / skuleungdom kr 100,-
Knut Hamre (f.1952) frå Hardanger har vunne landskappleiken ikkje mindre enn sju gonger med m.a. kongepokal frå 1981. Han har motteke Edvard Grieg-prisen og Myllargut-prisen, Hilmar Aleksandersens- og Ander Kjerlands minneprisar, han har ni plateutgjevingar i ryggen, deriblant Toneflaum med Hallvard T. Bjørgum og Bjarne Herrefoss som vann spelemannsprisen i 1998, og har spelt med ei mengd musikarar i mange genre frå inn- og utland. Kort sagt ein av våre aller fremste utøvarar.
www.myspace.com/knuthamre
Anders Bjernulf (f.1966) frå Rättvik i Dalarna, Sverige, vart Riksspelmann i Sverige alt som 21-åring i 1987. Trass sin relativt unge alder har Anders etablert seg som ein av Sveriges aller fremste spelemenn. Han har eit alderdommelig og samtidig kraftfullt uttrykk, noko som har resultert i eit særprega, personlig og "uppskattad" uttrykk. Anders har gjeve ut fem plater og har turnert Norden så vel som USA og Canada. Han har undervist ved Sibeliusakademiet i Helsingfors og har elles hatt uttallige elevar på fele i Sverige.
www.myspace.com/bjernulf
Arto Järvelä (f.1964) frå Hattula i Finland er omtalt i finsk folkemusikkleksikon som ein av vår tids viktigaste spelemenn. Medan han studerte på Kaustinen grunnla han det legendariske bandet JPP i 1982 som har gjeve ut til saman 9 album og turnert over heile verda. Arto har i alt medvirka på over 80 album over hele verda og blir, ikkje utan grunn, kalla "den mest opptekne mannen i finsk folkemusikk". I tillegg til fele spiller han nykkelharpe, mandolin og kantele, men fele er og blir hovudinstrumentet til denne verdsstjerna.
http://www.musicfinland.com/arto/ eller www.myspace.com/artojarvela
Konserten er støtta av Fond for utøvende kunstnere.
Arrangør: Jørn Hilme-stemnet og Vårflaumen spel- og dansarlag.
|