
Svein Erik Hilmen fyrste leiar i Valdres folkemusikkarrangement AS
Måndag 16. mars stifta Valdres folkemusikklag den nye driftsorganisasjonen for Jørn Hilme-stemnet og Strunkeveko, Valdres folkemusikkarrangement AS med ein aksjekapital på 100 000. AS-et skal ha ansvaret for drift av dei store arrangementa til folkemusikklaget. Som styreleiar for AS-et vart vald tidlegare ordførar i Nord Aurdal, Svein Erik Hilmen. Han har også vore styreleiar for Jørn Hilme-stemnet det siste året. Med seg i styret har han Ingebjørg Moe, Kari Tyldum, Eli Marit Fuglesteg og Gro Arneng.
Styret i Valdres folkemusikklag er glade for at desse har sagt ja til å danne det fyrste styret i AS-et og meiner vi har fått eit styre med brei kompetanse både innanfor styreverksemd, økonomistyring og kjennskap til folkemusikkmiljøet. AS-et vel no sjølve korleis dei vil organisere arbeidet med dei to store arrangementa, men det vil også bli laga ei leige- og samarbeidsavtale mellom folkemusikklaget og AS-et, som kjem til å regulere ein del spørsmål kring eigarskap til namn og logoar, samt dugnadskompensasjon til folkemusikklaget.
Konstituering av styret i folkemusikklaget
Tidlegare same kvelden hadde det nye styret i folkemusikklaget sitt fyrste styremøte. Her vart Ivar K. Hemsing frå Van vald som nestleiar, Magne Olav Selland vart vald til skrivar og Oddrun Hegge fekk i oppgåve å ha eit ekstra blikk på økonomien. Styret består elles av Frode Rolandsgard (leiar), Gyda Grøndalen Hoffman og Ole Aastad Bråten ( repr. frå Valdresmusea AS)
|