| |
|
|
| |
Valdres folkemusikklag stiftar arrangementselskap
Sist torsdag vart det på årsmøtet i Valdres folkemusikklag fatta einstemmig vedtak om å stifte Valdres folkemusikkarrangement AS. Selskapet skal vera ein driftsorganisasjon for mellom anna Jørn Hilme-stemnet og Strunkeveko, dei to store arrangementa til Valdres folkemusikklag. Med vedtaket ønskjer ein å sikre gode arbeidsvilkår for dei tilsette, rydde i styringsstrukturar og å sikre eigarorganisasjonen mot eventuelle underskot.
Årsmøtet i Valdres folkemusikklag vart halde på Valdres folkemuseum
torsdag 12. mars. 30 personar møtte fram, derav 13 med stemmerett frå
dei sju lokallaga i folkemusikklaget.
Den store saka på årsmøtet var om det skulle stiftast eit AS for å
drifte dei store arrangementa til folkemusikklaget. Styret ønskte å
minimere risikoen knytt til å arrangere store festivalar og
arrangement, og dei ønskte å rydde opp i styringsstrukturen i laget,
der dei tilsette no har hatt eit hovudstyre og to arrangementstyre å
forhalde seg til. Ein hadde sett til idrettsrørsla, der det er ganske
vanleg at idrettslag oppretter AS for å drifte større arrangement. Ved
eit eventuelt stort underskot vil då berre aksjekapitalen gå tapt, og
ikkje resten av eiga til folkemusikklaget. Implisett i framlegget var
også ei overføring av dei tilsette til det nye driftsselskapet, og at
Valdres folkemusikklag vil vera ein organisasjon utan tilsette, basert
på frivillig arbeid. Det synte seg ganske raskt at det var semje i
årsmøtet om at det var riktig å opprette eit AS, og etter noko
diskusjon om eigarskapen til AS-et, kom det framlegg om at styret i
laget skal bruke 2009 på å vurdere om lokallaga også skal vera
medeigarar i AS-et, og at ein skal legge dette fram for neste ordinære
årsmøte. Diskusjonen handla om at nokre lokallag ønskte mest mogleg
direkte påverknad på utviklinga av dei store arrangementa, medan andre
meinte det var enklast at dette gjekk gjennom styret i
folkemusikklaget, slik det er i dag.
Det økonomiske resultatet for folkemusikklaget som heilheit var ikkje
så bra i 2008, med eit underskot på 109 000,-. Dette skuldast underskot
i båe dei to store arrangementa, men dei tilsette hadde god tru på at
dei skulle snu resultatet i 2009. Underskotet vart dekt av
eigenkapitalen, som ved nyttår er på kr. 214 000,-
Styreleiar Kjell Bakken takka for seg etter eit år ved roret. Han trakk
fram arbeidet med AS-et som særs interessant, og sa at dette, og
arbeidet med å få Landskappleiken til Fagernes, hadde vore dei
altoverskuggande sakene i 2008. Han sa at det avtroppande styret etter
grundig arbeid no kunne stå inne for AS-forslaget, og at han hadde sett
på seg sjølv som lokallaga sin mann i denne saka.
Ny leiar i folkemusikklaget er Frode Rolandsgard frå Vestre Slidre, med
seg i styret har han Oddrun Hegge (ny),Gyda Grøndalen Hoffman (ny),
Magne Olav Selland og Ivar Hemsing, samt Ole Aastad Bråten som er
utnemnd av Valdresmusa. Det nye styret vil nå starte arbeidet med å få
oppretta Valdres folkemusikkarrangement AS.
Meir informasjon:
Dagleg leiar i Valdres folkemusikklag: Solveig Hårdnes: 905 12 055
Styreleiar Valdres folkemusikklag: Frode Rolandsgard: 911 97 407
---------------------------------------
Valdres folkemusikklaget (VFL) er regionlaget for alle spel- og
dansarlaga I Valdres og Valdreslaget I Oslo. Laget har samla rundt 500
medlemmer, og driv aktivitetar som Jørn Hilme-stemnet, Strunkeveko,
Valdreskappleiken og meir. Vi er også ein aktør i det
kulturpolitiske livet, både lokalt og på fylkesnivå, og arbeider mellom
anna for å få oppretta eit kompetansesenter for folkemusikk og anna
rytmisk musikk i Valdres i samarbeid med Østnorsk jazzsenter i Oslo og
Union scene i Drammen.
|
|
|
|
| |
SAGT:
Kouame Sereba: Til oss afrikanere blir det sagt at vi har rytmen i blodet. Det er bare tull. Jeg sier bare: Dra til Valdres!
(Etter å ha sett Hallgrim Hansegård og valdrisar på Førdefestivalen i 2005)
Olav Øraker: Det har blitt meg fortalt om Nils på Tørto, den sprekaste dansaren i Beito. Han dansa på sengestølpane og på komfyren. Men eingong ramla han overskrevs ned på stolpen. Då vart han roleg etterpå.
Han Embert på Jordet sa når han såg gode dansarar: "Han dansa nok gødt, men han dansa ikkje fulle so gødt ette låtte, han som é." Embert låg sjølv litt etter låtten. (fortalde Olav Øraker)
|
|
|
|