Foto: folkedans.com
Arkivkveld med Knut Trøen
Tysdag 3. mars klokka 19.00 er det treff på Valdres folkemusikkarkiv med spelemannen Knut Trøen. Me oppfordrar alle folkemusikkentusiastar til å møte opp til eit rikhaldig djupdukk i arkivbasen.
Knut Trøen har budd i Oslo sidan 50-talet, men flutte i fjor oppatt til Fagernes. Han begynte tidleg med fela, og lærte som smågut mykje av faren Torgeir Trøen, Lars Bjerke og Harald Fylken. I Oslo vart han med i Laget for folkemusikk der han kom i kontakt med fleire av dei beste spelemennene i landet som Torleiv Bolstad, Ola Bøe og Kjetil Løndal med fleire. Han har sidan markert seg som ein av dei fremste valdresspelemennene innanfor gamaldansspel, han har vore med på mange plater/kassettar med turdans/gamaldans, og har mellom anna vore mykje nytta som spelemann i leikarringar i Oslo.
Me på arkivet vil no ynskje Knut velkomen attende til Valdres, ved å møtast på Valdres folkemusikkarkiv for å fokusere på den rike speltradisjonen i Vestre Slidre. Det vil bli servert ”rykande ferske” opptak frå arkivet med gamle tradisjonsberarar, i tillegg til ”live” felespel. Me oppfordrar spelemenn til å ta med fele, og arkivaren ordnar med traktering.
Vel møtt!
|