Driv

Vi startar sundag 8. september på Skiferplassen, Fagernes,  med danseframsyninga Driv.

Kva driv deg? Ei gripande framsyning skapt av ungdommar frå Strunkeveko. Julian Steinsrud, Neri Bakken, Ånund Meberg Myhren, Ingeborg Onstad, Solveig Eide Grønningsæter, Halldor Grøndalen og Frederick Brevig Jacobsen. Produsentar: Silje Onstad Hålien og Andreas Skeie Ljones. Arrangementet er del av Fagernes Byfest.

 

Natt på museet

Fredag 20. september på Valdres folkemuseum. Vi byr på intimkonsertar i dei fine stovene på museet med Ottar Kåsa, Gunvor og Oddrun Hegge. Og eggande springar- og runddansespel med Gjevriskaradn og andre på Slidrehuset. Finn fram danseskoa og kom!

 

Plateslepp med Helga Myhr

Fredag 25. oktober kjem Helga Myhr frå Hallingdal til Festsalen på Valdres folkemuseum. Ho har med seg ei rykande fersk plate som vart spelt inn på stølen på Valdres folkemuseum i sommar. Etter konserten ryddar vi bort stolar og byr opp til dans.

 

Spelemannslaget til fremjing av møsegrodde låttar

Laurdag 23. november blir det konsert på Kvamshall i Vestre Slidre. Her kan du få høyre møsegrodde låttar som knapt har vore i bruk på 50 år! Spelemannslaget til fremjing av møsegrodde låttar var fyrste hardingfelelag som vann Landskappleiken nokon gong. Det var i 2018. Etter konserten er det rakfisklag og dans!

 

Hilme året rundt blir drifta av Valdres Folkemusikkarrangement, som også arrangerer Strunkeveko og Jørn Hilme-stemnet, med blant anna Solefallskonsert på Jaslangen. Billettar til konsertane kjøpast i døra.