Syskena Sveinung og Gunnhild Sundli gjorde stor suksess saman i bandet «Gåte» ; Han på fele og tangentar, ho på vokal. Den grensesprengande kombinasjonen av folkemusikk og rock vart godt motteke av publikum.

Nytt og eksklusivt på Hilme

Etter at bandet tok pause i 2005 har Sveinung og Gunnhild berre stått saman på scena under nokre få eksklusive «Gåte»- konsertar. Båe har i hovudsak vore opptekne med ulike prosjekt på kvart sitt hald, men under årets Jørn Hilme- stemnet entrar dei igjen scenen i saman, med eksklusivt materiale for folkemusikkfestivalen.

Dei har òg med seg storebror og felespelar Sturla Eide, som etter mange år i norsk musikkliv har fleire utgjevingar og utmerkingar bak seg. Med dei tre talentfulle syskena frå Sør-Trøndelag på scena, er det duka for magiske og musikalske overraskingar denne sumarkvelden på Valdres Folkemuseum.

Konserten «Sysken» vert framført laurdag 27. juli 2013 kl. 20.30 i Amfiet på Valdres Folkemuseum.