Vinyl på Nystøga

Uformell pøbb med vinyl og buskspel. Ta med plater og instrument! Kl. 23.00 er Kjellbjørn Karsrud og Sivert Holmen vertskap, dei både spelar og fortel. Aldersgrense 18 år.

Nystøga // Kl. 17.00 - 02.00

 

Bygdedans & Gamaldans

På museet er det tradisjonen tru dans på alle golv. I dei eldgamle husa kan ein oppleve gamaldans og bygdedans frå ulike distrikt. Her kan du høyre landets beste spelemenn og –kvinner og sjå dans som får dei gamle tregolva til å huske. Nett desse inntrykka er noko av det som gjer Jørn Hilme-stemnet unikt, og som lokkar publikum tilbake år etter år. 

 

Dansevertar – skal vi danse?

I år som i fjor har vi eigne dansevertar på Jørn Hilme-stemnet, dei vil vera godt synlege på dei mange dansegolva både fredag og laurdag kveld. Ingen å danse med? Lyst til å lære? By dei opp til dans, dei er der for deg!

 

«Nils Beitohaugen 150 år»
Jan Beitohaugen Granli og Nils Tormod Tørto

I 2013 er det 150 år sidan meisterspelemannen Nils Beitohaugen frå Beito vart fødd. Det må sjølvsagt markerast på Jørn Hilme-stemnet!

Nils Tormod Tørto kåserer om bestefar sin med tonefylgje av Jan Beitohaugen Granli. Tørto sit på eit rikt materiale om bestefaren, både om livet han levde og slåttane han spelte. Beitohaugen Granli er som barnebarnet til Ola Beitohaugen, syskenbarnet til Nils, også i slekt med meisterspelemannen; noko fem innkasserte sigrar i hardingfele klassa A frå Landskappleiken, samt ein kongepokal, vitnar om. Jan vil spela på feler etter både Nils Beitohaugen sjølv, og sonen hans, Embrik Beitohaugen, under dette nære konsertmøte.

Flatigarden // Kl. 21.00

 

Ingvill Marit & Per Anders Buen Garnås

Syskenduoen Ingvill Marit og Per Anders Buen Garnås kjem frå ein familie med sterkt rotfeste i norsk folkemusikktradisjon. Dei to telemarkingane har også sjølve markert seg sterkt; Ingvill Marit som ein av dei dyktigaste kvedarane her til lands, og Per Anders som ein av landets fremste hardingfelespelarar. I 2010 gav dei to ut plata «Salme, segn og solbøn», denne vart løna med både Folkelarmpris og Spellemanns-nominasjon. Når bror og syster Buen Garnås møtest til intim- konsert under Jørn Hilme-stemnet kan publikum med glede vente seg den eine perla etter den andre.

Skattebu // Kl. 22.00

 

Tron Steffen Westberg

Dansekonsert – det måtte bli det. «Eg spelar til dans eg», sa Tron Steffen Westberg. Men det gjer han til gjengjeld godt, svært godt. «Det er ikkje fyrst og fremst om å gjera å spela pent og reint, men å få dansarane ut på golvet og gje dei god dansetakt» har han også uttalt. Meisterspelmann frå Røros er kjent for kraft- fullt og suggerande spel, det er berre å kaste seg på dansegolvet!

Slidrehuset // Kl. 24.00