Søknadsfrist 10.mars

Folkemusikk i notid og framtid - ny utlysing av lokale tilskottsmidlar 2014

Vi i VFL vil minne om at kommunane i Valdres har sett av 60 000 kroner til fordeling i 2014, til ny-produksjonar med røter i folkemusikk- og dansetradisjonane i Valdres. Om du vil søkje, fyller du ut det vedlagte søknadsskjemaet. Midlane blir utdelt 1–2 produksjonar som turnéstøtte og/eller produksjonsstøtte. Produksjonane skal inngå i Den kulturelle skulesekken eller vere retta mot barnehagar.

Send søknad til Valdresmusea AS v/ folkemusikkarkivaren innan 10. mars 2014. For meir informasjon, sjå www.valdres.no/valdresportalen

Kriteria for tildeling av midlar innan Folkemusikk i fortid og framtid 2014.

1. Produksjonen skal ferdigstillast innan to år frå tildelingsåret.
2. Produksjonane skal inngå i Den kulturelle skulesekken
3. Ved utlysing av tilskott kan eigarar av ordninga bestille spesifikke produksjonar
4. Det skal leverast status/arbeidsrapport med skisse på framsyningsplan i og utanfor Valdres til kulturavdelinga Valdres Natur- og Kulturpark Innan 1.1. påfølgjande år.
5. Det skal leverast sluttrapport med brosjyre med tekst og bilete og framsyningsplan når produksjonen er ferdig.
6. Støtte til nye produksjonar vil ikkje bli gjeve før tidlegare produksjonar ar avslutta og sluttrapport er avlevert.
7. Søkjar skal sende underteikna akseptskjema og anmoding med kontonummer til Valdres Natur- og Kulturpark for å få støtta utbetalt.
8. Tilskottsmottakarane har sjølve ansvar for marknadsføring / sal av produksjonane.
9. Ved søknaden skal du levere eit enkelt
* Budsjett
* Finansieringsplan
* Tall lokale utøvarar
Dersom desse vilkåra ikkje blir overhaldt kan støtta bli trekt attende.valdres_137187_m_slagord[1] copy orginal.jpg
 
Valdres Natur- og Kulturpark

Søknadsskjema