kristine-valdresdatter

Stumfilm med fylgje av nykomponert folkemusikk

FESTFRAMSYNING PÅ KULTURHUSET: KRISTINE VALDRESDATTER

Bli med på kinomatograf?

«Kristine: En fortælling fra Valdres» vart skreven av forfattaren Hans Anders Foss frå Modum i 1886. Historia som går føre seg i Vang i Valdres vart svært populær her i landet vart derfor filmatisert. På årets Hilme får vi høve til å sjå denne stumfilmklassikaren, laga av Rasmus Breistein i 1930, med spannande fylgje av nykomponert live folkemusikk. Fjorårets festivalartist, den velrenommerte multiinstrumentalisten Anders Erik Røine, som sjølv har sterke røter i Valdres, har teke på seg oppgåva å laga tingingsverket «Kristine Valdresdatter». Saman med røynde musikarar vil Anders urframføre verket under festkonserten i kulturhuset på Fagernes.
Komponist: Andres Erik Røine
Musikarar: Marit Karlberg, Hans Hulbækmo og Sondre Meisfjord

Kulturhuset på Fagernes // Fredag Kl. 19.00 // KR. 250