Hardingfelespelar Erik Sollid, cellist Sigrun Eng og Amund Sjølie Sveen på vibrafon og perkusjon dannar Slagr. Sidan den gong har den kritikarroste trioen gleda oss med fleire albumutgjevingar, sist med «Songs by Geirr Tveitt» dette året. Med kvedar Camilla Granlien på laget har Slagr på særeige og subtilt vis satt sitt eige preg på komponist Geirr Tveitt sitt materiale. Under årets solefallskonsert får vi sjå dei fire framføre den stemningsfulle musikken i vakre rammer på Jaslangen.

Fjellkonserten på Jaslangen i Vestre Slidre går føre seg blant lyng og vier i eit av dei flottaste fjellområda i Valdres. Frå Fagernes køyrer du E16 til Ulnes, ta av til Vaset og følg skilting til Jaslangen. Turen tek ca 50 minutt.

Jaslangen // Tysdag 23. juli Kl. 20.30 // KR. 300