Det er mykje som skal førebuast før eit stort arrangement som Landskappleiken. Når ein koplar Landskappleiken med Jørn Hilme-stemnet blir det endå meir. Det er også rekordmange påmeldt Landskappleiken i nyare tid, faktisk må vi heilt tilbake til LK2006 på Beitostølen for å finne fleire. Vi har 476 startnummer på LK i år.
Per 13. juli er det registrert 390 personar i frivilligsystem. Desse tek rundt rekna 600 vakter som er mellom 5 og 8 timar lange. Innsats frå hovudnemnda og gruppeleiarar kjem i tillegg, og dette skulle bli 5-6000 dugnadstimar, eller 3-4 årsverk!

Framleis manglar vi nokre seinvakter på museet, og også nokre få dagvakter spesielt innanfor ordensvakter og mat/servering.  Frivillige kan registrere seg på www.hilme.no/info/frivillig

Meir info om Landskappleiken og Jørn Hilmestemnet på www.hilme.no