Sudan Dudan

Norsk (og ganske lokal) folkemusikk og visekunst ispedd americana og ei teskei salmesong – uttrykt i ei skjør og vakker akustisk toneverd med gitar, munnharpe, langeleik, hardingfele, harmonium og tostemt vokal: Dette er suksessoppskrifta til duoen Sudan Dudan! Anders Røine og Marit Karlberg fekk mykje merksemd og ein stor tilhengjarskare med det kritikarroste albumet Inntil idag(2013). Med den etterlengta (og Folkelarmpris-vinnande) oppfølgaren Heimen der ute gjekk duoen tilbake til røtene, og spelte inn musikken i ei fjellkyrkje i Telemark. Laurdag 19.oktober spelar dei i Gapahuken.

I anledning konserten, vil Øystre Slidre kommune overrekke kulturprisen for 2019 til Marit Karlberg.

Unge lokale folkemusikarar gjer support.

Marit Karlberg – vokal, langeleik
Anders Erik Røine – vokal, gitar, munnharpe


Billettar:
Vaksen: 200,-
Ungdom (10-18Ã¥r) 100,-
Born går gratis

: Gapahuken, Øystre Slidre
Tid: lørdag 19. oktober 19:30
Konsert