Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
hardingfeleøving-stor

Rekrutteringsarbeidet i Valdres folkemusikklag

Valdres folkemusikklag har dei siste åra satsa meir og meir på rekrutteringsarbeidet. Dette har sjølvsagt lange røter, t.d. vart Torleiv Bolstad tilsett i «Folkemusikknemnda for Valdres» for snart 60 år sidan, nettopp for å drive rekruttering. Trygve Bolstad dreiv stort innanfor rekruttering på 80 og 90-talet og la grunnlaget for dagens generasjon utøvarar. Folkemusikklaget var deretter tungt inne i distriktsmusikarordninga for Valdres, som på det meste hadde fire musikarar tilsett. For 20 år sidan starte Strunkeveko og etterkvart ministrunken og vart båe fort viktige møteplassar for born og unge.

jÌürn hilme jan granli

Rakfiskfest på Kvamshall

Laurdag 26. november arrangerer Vestre Slidre folkemusikk- og dansarlag rakfisfest og konsert med Jan Beitohaugen Granli på Kvamshall.

Tora_og_Sivert

Springarkurs med gamaldanskrydder

Helga 21.-22. mai blir det kurs i Valdresspringar i festsalen på Valdres Folkemuseum. Kurshaldarar er Stian Roland og Tone Voldhaug. Kurset varar frå kl. 11-15 båe dagar og er gratis for alle frivillige under stemnet. Andre betalar kr. 200. Påmelding innan 17. mai til post@valdresfolkemusikklag.no. Andre spørsmål kan du rette til Stian Roland på rolandstian@hotmail.com eller 907 22 690. Arrangør: Valdres Folkemusikklag

Ingen hendelser for øyeblikket
Folkemusikken i Valdres