Internasjonalt kvinneforum samarbeider med «Hilme året rundt» om programmet for 8. mars-festen. Då blir det norske folketonar på programmet.

Ingvild Lie frå Øystre Slidre står for det musikalske innslaget denne festkvelden, som også i år blir feira på Valdres Folkemuseum. Som songar og langeleikspelar har Lie ein trygg ståstad i folkemusikktradisjonen frå Valdres. Ho er også hovudvokalist i gruppa Blått gådn, som har både tradisjonelle tonar og eigne tekstar på repertoaret.

Den internasjonale kvinnedagen blir markert med ein kvinnepolitisk appell ved Alice Gudheim, som driv Bitibue ovanfor Beitostølen og er politikar i Øystre Slidre. Vidare får vi møte norske Edel Gudmundsen og burundiske Sonia Munezero, som i samtale med Tove Skjelstad fortel korleis dei er blitt kjende på språkkafeen til Internasjonalt kvinneforum på Frivilligsentralen på Fagernes.

Når Internasjonalt kvinneforum arrangerer, blir det også internasjonalt i matvegen. Dei som har med ei kake, ein salat eller annan mat, går gratis inn på festen. Det har primært vore kvinner på 8. mars-festen, men festen er også open for menn som vil vera med og feire kvinnedagen. Sidan 8. mars i år er på ein sundag, startar festen ein time tidlegare enn vanleg.